Ikkje nytt: – Det er ikkje nytt at Sp stiller spørsmål ved kostnadene i Hordfast. Det gjorde vi også ved behandlinga av NTP i Stortinget i fjor vår, påpeikar leiar i transport- og kommunikasjonskomiteen på Stortinget, Erling Sande (Sp).

Slår tilbake mot kritikken frå Frp: – Vi må nå lengst mogleg med samferdslepengane

Frp skulda Erling Sande og Senterpartiet for å rygga inn i framtida. Sande sjølv er overraska over den negative måten Frp møter tilnærminga deira på.

I spørjetimen i Stortinget onsdag i førre veke, ba Frp sine stortingsrepresentantar frå Hordaland om svar på framtida til Hordfast og ringveg aust i Bergen, etter at leiar i transport- og kommunikasjonskomiteen på Stortinget, Erling Sande (Sp), nyleg skal ha uttalt at Hordfast og andre store samferdsleprosjekt må utsetjast eller nedskalerast dersom det skal vera nok pengar til vedlikehald og rassikring.

– Det er ikkje nytt at Senterpartiet stiller spørsmål ved kostnadene i Hordfast. Det gjorde vi også ved behandlinga av NTP i Stortinget i fjor vår, påpeikar Sande i ein e-post til Os & Fusaposten.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Meiner Senterpartiet ryggar inn i framtida ved å utsetja eller nedskalera Hordfast

At Frp nyttar same saka til å anklaga Senterpartiet for å ikkje vera opptekne av trafikksituasjonen rundt Bergen, meiner Sande er direkte uriktig.

– Sp har nettopp peika på kor krevjande situasjonen for Bergen og omland er, og vi var mellom dei som løfta fram strekninga Vågsbotn–Klauvneset når regjeringa som Frp støtta, ikkje hadde dette prosjektet med i framlegget sitt til transportplan, skriv Sande.

Auka satsing på utbetring av «flaskehalsar»

Framfor å kritisera, meiner Sande Frp må fortelja veljarane om dei er samd i at store samferdsleprosjekt innan veg og jernbane kan byggjast smartare, slik at styresmaktene også får råd til naudsynt vedlikehald, eit løft for fylkesvegane, rassikring og satsing på hamnene våre.

– Eg trur mange er opptekne av dette. Vi må få til ei auka satsing på utbetring av «flaskehalsar» og vedlikehald i eksisterande vegnett. Då må vi også sjå om vi kan frigjera midlar ved å byggja dei store prosjekta våre rimelegare, til dømes ved å bruka 90 km/t som fartsgrense på enkelte strekningar i staden for 110, påpeikar Sande.

Sp-politikaren legg til at pengane som vert brukt til bygging av veg og bane, er skattepengar og bompengar.

– Vi må aldri gløyma at vi forvaltar desse pengane på vegner av folk. Det fordrar at vi ikkje sløser, men heile tida leitar etter måtar å nå lengst mogleg med pengane.

– Vi må vurdera kva vi kan gjenbruka og forsterka

Ein slik tankegang handlar ifølgje Sande mellom anna om å nytta eksisterande vegkapital så langt det lèt seg gjera, der det ligg til rette for det.

– Vi må vurdera kva vi kan gjenbruka og forsterka, og kva vi må byggja heilt nytt.

Artikkelen held fram under annonsen.

Stortingspolitikaren understrekar at tankegangen kan føra til et ein sparar kostnader, bompengar, matjord og natur.

– Nokre stader kan slike grep føra til at ein kan få bygd nær dobbelt så lange strekningar for dei same midlane, skriv han.

Sande avsluttar e-posten med å skriva at vegane folk brukar i lokalmiljøet ofte har for dårleg standard og for liten kapasitet. Sp-politikaren er oppteken av å frigjera ressursar, slik at ein kan møta det store vedlikehaldsbehovet.

– Eg er overraska over den negative måten Frp møter denne tenkinga på. Eg trur folk forventar at vi som politikarar skal gjera alt vi kan for at skattepengane skal bli brukt nøkternt og for å avgrensa bompengane som både folk og næringsliv vert råka av.