18-åringen som fekk kompliserte brot i fotbladet etter ei arbeidsulukke i oktober, er snart attende i arbeidd igjen. (Arkiv
18-åringen som fekk kompliserte brot i fotbladet etter ei arbeidsulukke i oktober, er snart attende i arbeidd igjen. (Arkiv

Slapp varige mén etter arbeidsuhell

Vassbakk og Stol-lærlingen som fekk kompliserte brot i fotbladet etter eit arbeidsuhell i oktober, kan no pusta letta ut.

Det var 23. oktober i fjor at18-åringen fekk foten i klem under grabben til ein gravemaskin i samband med prosjekt E39 Rådal-Svegatjørn. Ulukka skjedde på anleggsvegen til Endelausmarka.

Kompliserte brot

Det blei konstatert to brot i foten. Ein komplisert skade.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Han blei operert fleire gonger, og har vore sjukmeldt i nokre månader. Det var kompliserte brot i fotbladet, men heldigvis blei han teken hand om av dei beste spesialistane på Haukeland. Dei kan det dei driv med, seier avdelingsleiar i Hordaland i Vassbakk og Stol, Bjørn Lindstad.

Snart attende i jobb

18-åringen ønskjer å koma i aktivitet og jobb igjen så fort som mogleg.

- Han har fått kjenslene att, og foten fungerer igjen. Han slepp varige mén. Det kan henda at han returnerer til jobb i slutten av månaden. Han skal etter det eg forstår prøva seg litt på fotballbanen igjen snart også. Han er ein fotball-glad gut, seier Lindstad.

Avdelingsleiaren er glad for at lærlingen snart kjem tilbake i arbeid.

- Heldigvis er det yttarst sjeldan att slike uhell skjer. I løpet av mine 30 år i Vassbakk og Stol har vi ikkje hatt eit einaste alvorleg arbeidsuhell. Det såg ut som at han kunne få varige mén. Heldigvs slapp han det, og det gjekk så bra som det kunne gå, ulukka tatt i betraktning, seier Lindstad.