Slapp av - dei er greie
Det er lenge til den offisielle starten av russetida, men russen på Os gymnas har alt starta å røra på seg. Dei manglar berre dei karakteristiske raude draktene.
- Me har hatt nokre russetreff alt no. Men russetida startar ikkje før i slutten av april, seier russepresident Ingrid Marie Stokke.
Terrorsjef er blitt politi
Det er altså eit godt halv-år til dei er i gang. Underteikna kjenner fleire som får frysningar nedover ryggen når dei høyrer duringa frå dei enorme musikkanlegga, og ser dei karakteristiske raude kassabilane runda svingen, men i følgje det nyvalde styret på gymnaset, er det ikkje grunn til å frykta russen. Restriksjonar og endringar på russetida, har gjort at dei i grunn ikkje har noko anna val enn å retta seg etter reglane.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Den posten i styret som tidleagare heitte terroransvarleg, heiter no politi, seier president Ingrid Marie Stokke.
Ikkje berre fest og fyll
Men dei brukar ikkje mange kaloriar på at reglane er skjerpa. For russetida handlar ikkje om å drita ut medelevar på skulen, eller å drikka mest mogleg. Elevane i det nye styret inviterte «Os og Fusaposten» til gymnaset i dag for å snakka litt om russetida, og nettopp for å få fram at russetida ikkje berre er fest og fyll.
- Det er veldig mange som tenkjer at det berre er drikking og bråk med russen, men me gjer ein del godt også, seier presidenten.
Dei skal til dømes også i år samla inn pengar til Krafttak mot kreft.
Svartelisting er ikkje lov
For fleire av dei er det viktig å få fram at dei ser på russetida som ein fin sjanse til å samla alle elevane på deira trinn, og at dei skal finna på mykje morosamt fram til somaren.
- Me skal ha temadagar, der alle skal gå med hatt ein dag, og ein annan dag skal alle gå med stripete klede, for eksempel. Det vert morosamt, seier økonomiansvarleg, Julia Wold.
- Kva om førsteklassingane kler seg i stripete klede når de skal ha temadag, vert dei svartelista då?
- Det er ikkje lov å svartelista, smiler presidenten.
Artikkelen held fram under annonsen.
Slik ser styret ut:
President: Ingrid Marie Stokke.
Visepresident: Jannicke Stigen Råen.
Prest: Sunniva Søvik.
Fotograf: Solveig Balland.
Økonomisjef: Julia Wold.
Festansvarleg: Vy Nguyen.
Festansvarleg 2: Amalie Styrvoll.
Artikkelen held fram under annonsen.
Presseansvarleg: Nathalie Reiertsen.
Politi: Lars Even Stue.
Sekretær: Marie Eidsvåg.
Styremedlem: Malik Aasen.
Vara styremedlem: Bjarte Botnevik.