Skyttarkongen viste kvar skapet skal stå
231 skyttarar var i aksjon i Os-stemnet frå torsdag til laurdag. Skyttarkongen frå 2013, Kim-André Aanestad Lund, var blant desse.
Skyttaren frå Jondalen i Buskerud kom til Os-stemnet og viste at han framleis har roa med børsa. Med 347 poeng var han best i klasse 3-5 og vann dermed Os-stemnet denne helga.
Også ein annan sterk skyttar var på Os-besøk i samband med stemnet. Jan Kåre Moland er med eit snitt på 348,1 poeng, rangert som nummer 1 på Noregstoppen. Men i Os-stemnet måtte Drangedal-skyttaren gje tapt for kompis Kim-André.
Artikkelen held fram under annonsen.
Thriller i juniorklassen
I juniorklassen vart det ein skikkeleg thriller. Verstlagets Amalie Evensen fylte nemleg 350 poeng for andre gong i år, og låg dermed svært godt an til å vinna. Dessverre for ungjenta frå Stølsvegen, var det ein kar som skaut endå betre enn ho denne helga.
Steinar Feste Kvamme frå Seim i Norhordland skaut også 250 poeng på dei 25 første, på dei ti siste skaut han åtte innertiarar - ein meir enn Amalie - og vann dermed klassen.
Opprykkskandidat
Også Strandvik hadde skyttarar i aksjon. Ifølgje leiar i Os Skyttarlag, Jan Evensen, er det spesielt ein skyttar som imponerer for tida.
- Strandvik Skyttarlags store son, Karsten Skare, er på god veg til å rykkja opp til klasse to. Per dags dato skyt han i klasse ein, også kalla "foreldreklassen", men me i Os Skyttarlag meiner han er blitt så god at han bør vera kvalifisert for klasse to innan ferien set inn, seier Evensen.
I klassen for rekrutt (ungdom til og med 13 år) imponerte Sofia Dale med 343 poeng. Det heldt til andreplass, bak Erlend Ellingsen Årskaug frå Oppedal/Brekke.
13 aspirantar var også i aksjon. Sofie Evensen frå Os Skyttarlag leidde lenge, men mått til slutt gje tapt kampen om sigeren. Kristoffer Tvedt Skråmestø frå Bergen vann med 349 poeng. Sofie skaut 347.
I klasse V73 var Oddvar Eikemo beste osing med 348 poeng.