Rådmann Berit Fløisand legg fram budsjettnotatet sitt i Fusa.
Rådmann Berit Fløisand legg fram budsjettnotatet sitt i Fusa.

- Skulesal må handsamast på ny

Vedtaket om å selja skulane i Strandvik og på Holdhus for 700.000 kroner er ifølgje rådmann Berit Fløisand ikkje tilstrekkeleg utgreidd, og må difor handsamast på ny.

Det kom fram heilt på tampen av kommunestyremøtet tysdag. Då vedtaket vart fatta 18. februar, varsla Ap, Frp og V lovlegheitskontroll av vedtaket. Tysdag kom domen.

- Ifølgje kommunelovas §23 er det rådmannen si oppgåve å sjå til at saker som vert lagde fram for folkevalde organ, er forsvarleg utgreidd. Dersom det er rettslige manglar ved eit forslag til vedtak, eller dersom vedtak som er trefte er ulovlege, så pliktar rådmannen å gjera merksam på det, starta Fløisand.

Artikkelen held fram under annonsen.

Av di salsprisen til skulane er lågare enn marknadsprisen, vert vedtaket sett på som eit tilskot. Då må ein òg gjera vedtak om dekningsmåte.

- Det betyr at saka må opp til ny handsaming i kommunestyret. Før den tid må ein sørgja for at det vert sett takst på bygga, og at saka er tilstrekkeleg utgreidd, konkluderte rådmannen.

- Utidig innblanding

Mikal Leigland (Sp) kalla konklusjonen for ei utidig innblanding i politiske vedtak. Han meinte rådmannen si tolking av lovverket ikkje nødvendigvis var heilt rett.

- Austevoll kommune har nett selt ein skule som skal brukast til Montessoriskule for ei krone. Hadde det vore ein rein handel, så hadde eg følgt administrasjonssjefen, men dette er ein handel på vilkår, difor meiner eg at konklusjonen er feil. Dette må vi ha ei skikkeleg juridisk vurdering av før saka vert teken opp att, sa Leigland.

Etter Sp-politikaren sitt innlegg gjekk varaordførar Magne Djuvik (Frp) på talarstolen for å opplysa om at det rådmannen seier faktisk er rett.

- Eg har vore borti ei liknande sak i ein annan kommunen, og den saka vart handtert akkurat slik rådmannen skildrar. Sjølv om andre kommunar gjer feil vedtak, så forsvarar ikkje det at Fusa skal gjera det same, sa Djuvik.

17 ulike tolkingar

Utviklinga i saka var først og fremst meint som ei orientering. Ordførar Atle Kvåle (Ap) var difor varsam med å opna opp for debatt i kommunestyresalen tysdag. Svein Lang (Sp) fekk siste ord i saka. Enn så lenge.

- Eg har selt mange verksemder i mitt liv. I den samanheng har eg vore borti minst 17 ulike juridiske tolkingar av dei same problemstillingane, sa Lang og kravde, på vegner av Sp, at kommunen hentar inn to juridiske innstillingar i samband med saka.

Artikkelen held fram under annonsen.

Til sist påpeikte rådmannen at ho har fått informasjonen frå fylkesmann sin representant på økonomi- og budsjettspørsmål.

- Fylkesmannen er klinkande klar når det gjeld korleis slike saker skal handterast. Dette er ikkje noko rådmannen sjølv har site på kontoret sitt og tenkt ut åleine, sa Fløisand.