Elias Grimstad Salbu har som mål å gjera den japanske leika Kendama populær i Noreg, saman med kompisen Kim Fredrik Moberg.
Elias Grimstad Salbu har som mål å gjera den japanske leika Kendama populær i Noreg, saman med kompisen Kim Fredrik Moberg.

Skulegutar satsar på japansk leike

Elias Salbu og kompisen Kim Fredrik jobbar for å gjera Kendama populært i Noreg. Gründerane er enno ikkje ferdig på vidaregåande, men brukar mykje tid og pengar på verksemda si.

- Vi har brukt mellom 30.000 og 40.000 kroner så langt. Det var kjekt då vi endeleg gjekk i overskot for to månader sidan. Men no som vi har bestilt eit nytt parti kendamaar, er vi i minus att, seier Salbu og smiler.

(Usikker på kva Kendama er? Sjå faktaboks)

Artikkelen held fram under annonsen.

Frå venar til partnarar

Os & Fusaposten trefte Elias Salbu på Kongshaug Musikkgymnas torsdag. Kim Fredrik Moberg låg nede for teljing med sjukdom, og hadde ikkje høve til å stilla til intervju.

- Eg har snakka med han. Han har gjeve meg fullmakt til å uttala meg. Vi er jo partnarar, seier Salbu og smiler.

Det heile starta då Salbu budde på Hawaii eit halvt år då han gjekk i niandeklasse. Der var Kendama populært, og osingen fekk augene opp for leika.

- Ein blir ikkje lei. Det er alltid noko å øva på. Kendama appellerer til den kreative sida i deg. Det er alltid nye triks å finna på, og ein får utfordra seg sjølv. Det er det som gjer at eg kan halda på i fleire timar og bli heilt sveitt, seier Salbu.
- Ein blir ikkje lei. Det er alltid noko å øva på. Kendama appellerer til den kreative sida i deg. Det er alltid nye triks å finna på, og ein får utfordra seg sjølv. Det er det som gjer at eg kan halda på i fleire timar og bli heilt sveitt, seier Salbu.
Kim Fredrik Moberg og Elias Grimstad Salbu var i haust i Fusa for å introdusera fusingane for Kendama-leika. (Arkiv
Kim Fredrik Moberg og Elias Grimstad Salbu var i haust i Fusa for å introdusera fusingane for Kendama-leika. (Arkiv
To av kendamaane til osingane. Desse har fått namna Bekk og Fjord. Logoen til verksemda er på plass på alle kendamaane.
To av kendamaane til osingane. Desse har fått namna Bekk og Fjord. Logoen til verksemda er på plass på alle kendamaane.

- Eg kjøpte ein billeg variant som eg fann på ein daglegvarebutikk, og lærte dei første triksa. Så har det berre halde fram. Då eg kom heim, fann eg ut at ein som gjekk i parallellklassen min, Kim Fredrik, også dreiv med Kendama. Det var spesielt, for det er veldig få i Noreg som er kjent med denne leika. Vi blei gode kompisar, seier Salbu.

Starta med Instagram-konto

Dei to oppretta først ein Instagram-konto, der dei delte kendama-triks med omverda.

- Vi landa nokre nybyrjartriks og var stolte. Vi fekk også skryt frå andre som driv med Kendama. Etter kvart fann vi ut at i ønskte å starta med vårt eige Kendama-merke, med eigen logo på, seier Salbu.

17-åringen samanliknar Kendama med fotballsko.

- Det finst ulike material og former, men alle duger som fotballsko. Slik er det også med Kendama. Det går på kva ein føretrekkjer. Vi har gjeve dei ulike variantane namn med utgangspunkt i natur. Dei fleste har engelske namn på sine kendamaar, men vi har gått for norske, som bekk, eld, laks, fjord og berg. Folk liker det, seier Salbu.

Artikkelen held fram under annonsen.

Designar sjølv

Det er ikkje berre i utsjånad at kendamaane varierer. Det er eit vidt spekter i kvalitet. Frå billegvarianten frå daglegvarebutikken på Hawaii, til Salbus dyraste kendama, til 1.000 kroner.

- Eg var ikkje så nøgd med den, men han er fin å ha på hylla og så kan eg skryta av han, seier Salbu og held fram:

- Vi har valt å selja noko vi kunne brukt sjølv. God kvalitet, men ikkje så dyrt.

Det har seg slik at Salbu kjenner ein som jobbar på ein trefabrikk i Kina. Han er blitt produsent og leverandør. Kendamaane designar gutane sjølve, før dei sender skissene til Kina.

Ei hyggeleg "sidegreie"

Salbu medgjev at han kjenner at verksemda går ut over skulearbeidet.

- Eg går i andreklasse. Det er mykje arbeid på skulen. Det påverkar nok skulearbeidet, men ikkje så mykje at eg ikkje klarar å fokusera på skulearbeidet. Det går nok med eit par timar arbeid til verksemda kvar dag, men det er ikkje slik at eg set meg ned for å jobba med det. Eg tek det innimellom, seier han.

- Kva er målet på sikt?

- I starten tenkte vi at dette kunne vi tena mykje pengar på. Etter kvart er det meir slik at vi jobbar for å gjera Kendama populært i Noreg. Vi ønskjer at folk skal sjå kor kjekt det er. Eg trur ikkje at vi kjem til å leva av dette i framtida, men det hadde vore kjekt. Uansett kjem vi nok til å ha det som ei hyggeleg "sidegreie", seier Salbu.

Artikkelen held fram under annonsen.

Har selt 250 leiker

Så langt har gutane selt om lag 250 kendamaar. Kring jul gjekk det ein del. Då var det fleire søsken av studentar på Kongshaug som fekk ein kendama i julegåve. Kanskje kjem gutane til å opna ei leketøysforretning på sikt, men enn så lenge blir det med nettbutikken.

- Hadde vi opna Kendama-butikk no, ville vi nok ikkje fått meir enn ein person innom butikken i løpet av ei veke. Om vi når målet med å gjera kendama populært i Noreg, kan det skje at vi opnar butikk. Det vi håpar på no, er at leiketøysbutikkar ønskjer å kjøpa inn våre produkt. Vi sendte ein førespurnad til Toys "R" Us for ei stund sidan. Den fekk vi ikkje svar på, seier Salbu og humrar.

Verdsmeisterskap i Kendama

- Kva er det som gjer Kendama til ei morosam leike?

- Ein blir ikkje lei. Det er alltid noko å øva på. Kendama appellerer til den kreative sida i deg. Det er alltid nye triks å finna på, og ein får utfordra seg sjølv. Det er det som gjer at eg kan halda på i fleire timar og bli heilt sveitt, seier Salbu.

Tru det eller ei, men det finst faktisk eit verdsmeisterskap i Kendama.

- Det går føre seg i Japan. Det hadde vore kjekt å reisa bort for å promotera oss, men eg kunne nok ikkje delteke. For å kunna prestera måtte eg nok droppa ut av skulen for å øva nok til å ha sjanse til å hevda meg, seier Salbu.

Kendama er populært i Japan, men kanskje mest i Amerika. Danmark og Sverige har også fått aukene opp for leika.

- Vi sel internasjonalt og nasjonalt. Men vi jobbar mest for å få nordmenn hekta. Det er det store målet vårt, seier Salbu.

Artikkelen held fram under annonsen.

Elias Salbu om Kendama:

- Det er eit japansk leiketøy. Ei ferdigheitsleike. Kendama består av tre koppar og ein spiss, eller spike, om du vil. Det går ein tråd frå handtaket til ein ball med eitt hol i. Spiken passar i holet. Eit triks er å få spissen inn i holet. Eit anna er å få ballen til å landa i koppane. Etter kvart kan ein setja saman triks i kombinasjonar og laga eit større triks. Det er ein trillion moglegheiter, og det er umogleg å "runda" spelet.