Skular og to barnehagar stengjer
Oppdatert: Fleire skular og barnehagar stengjer tidleg grunna tryggleiksomsyn i samband med stormen.
Espiragruppen sine barnehagar, Kuventræ og Ulvenvatnet barnehagar, stengjer kl 13 av tryggleiksomsyn i samband med stormen. I tillegg har det kome meldingar om at Strøno barneskule og Nore Neset ungdomsskule stengjer tidleg.
Grunnen til at Nore Neset ungdomsskule stengjer skal vera for å sikra at elevane frå Strøno kjem seg trygt heim over brua. Nore Neset barneskule vurderer det som trygt å halda ope til skuleslutt.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Siste nytt frå kriseteamet er at vinden er nedgradert frå orkan til sterk storm, og at dette ikkje slår inn for fullt før kl 16. Difor vurderer me det som trygt å ha vanleg skuledag. Foreldra står likevel fritt til å henta dei ut tidlegare om dei vil. Ellers har vi oppmoda foreldre om å henta ved skuleslutt dersom dei har høve, seier rektor Børge Lunde.
Koma seg trygt heim
Kvart på 11 gjekk følgjande meldinga ut til samtlege foreldre i barnehagane: "Espira barnehagene velger i samråd med HMS-sjef, Bente Nordberg å stenge barnehagen klokken 13.00. Dette for å ivareta sikkerheten og sørge for at alle, både barn, foreldre og ansatte kommer seg trygt hjem. De som har mulighet til å komme tidligere oppfordres til det, for å forhindre farlige situasjoner på parkeringen når mange kommer samtidig."
Styrar blir på jobb til siste barn er henta
- Kva med dei som ikkje greier å koma fram til klokka 13?
- Me stengjer jo ikkje dørene dersom foreldre er forseinka, men me har rett til å krevja at foreldre kjem så fort dei kan. Dette handlar om tryggleiken, seier Karianne Moberg, styrar i Kuventræ barnehage.
162 born går i barnehagen (mot ca 115 i Ulvenvatnet), men akkurat i dag har mange valt å halda ungane heime.
- Mange har teke fri, og andre har gjeve beskjed om at dei hentar tidleg, seier Moberg.
Moberg fortel at ho som styrar blir på jobb fram til siste barn er blitt henta.
Strøno barneskule stengjer tidleg
Fagsjef for skular og barnehagar i Os kommune, Per Olav Sørås, fortel at det er opp til den enkelte barnehage å vurdera situasjonen, men at for dei kommunale barnehagane sin del står framleis bodskapen om normal drift. Eit unntak er Strøno barneskule (og Søre Øyane skule), der det no er gått ut melding om at foreldre bør henta ungane litt før enn tenkt.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Det handlar om at Strønebrua kan vera uråd å kryssa seinare, seier Sørås.
Søre Øyane ber foreldre om å henta snarast
Også Søre Øyane skule stengjer tidleg.
- Grunna det usikre veret, oppfordrar vi føresette om å henta elevane innan kl 12.00 eller snarast. 5.-7.klasse vert sendt heim om det er trygt, heiter det i melding frå rektor Gunnhild Hansen.
Nore Neset barneskule
På Nore Neset har dei opplevd at ikkje alle sms-ar sendt ut til foreldre er gått gjennom. Meldinga dei ønskjer å formidla er følgjande: "Nore Neset barneskule held ope som vanleg i dag, men vi vil at elevane skal hentast ved skuleslutt eller tidlegare. Alle SFO-barn skal òg hentast."