Skuffa over nei til treningsbustader
Gisle Hesjedal (Ap) var skuffa over kommunestyrets nei til midlar til to nye treningsbustader for personar som er "på veg attende til samfunnet" etter avrusing.
Tidlegare i vår fekk tenesteutvalet, der Gisle Hesjedal er medlem, ei orientering om rusomsorgsarbeidet i kommunen.
- Dei som kjem attende frå avrusing manglar buevne og treng hjelp og støtte til å meistra kvardagslege gjeremål. Dei kan ikkje utan vidare bu åleine rett etter avrusing, sa Hesjedal i kommunestyret.
Artikkelen held fram under annonsen.
Ap-politikaren meinte løysinga i dag med at desse må flytta inn på Vartun i lag med bebuarar som gjerne står midt i ei avrusing, ikkje er ideell.
- Risikoen for at dei skal ta til å rusa seg er då vesentleg større. Med ei treningsleilegheit aukar sjansen monaleg for at dei skal klara å halda seg unna rus, argumenterte Hesjedal frå talarstolen.
Kommunen har per no driftsressursar til to slike leilegheiter, og han meinte dette ville vera ei god investering.
- Bør inn i budsjett
Marie Bruarøy (H) kommenterte at to treningsleillegheiter kan visa seg å vera eit godt tiltak, men påpeika at slike større investeringar bør inn som ein del av budsjettarbeidet.
- Kommunestyret bør få ei sak til handsaming på det. Det gjeld også andre større, aktuelle saker, utdjupa Bruarøy.
Ho la til at ein uansett må vera varsam med at ein ikkje dreg på seg for store driftsutgifter ved slike investeringar.
Ap fekk ikkje fleirtal for sitt forslag om 5 millionar til dette føremålet.