Skuffa, men ikkje utslått
Tverrpolitisk Samlingsliste mista to mandat og er med det halvert i kommunestyret. - Er du med i gamet, må du tola nokre nedgongar også, seier ordførarkandidat Terje Sperrevik.
Tverrpolitisk Samlingsliste (TvS) fekk 6.9 prosent av stemmene ved gårsdagens val. Noko som er ein nedgang på om lag tre prosent og resulterer i tap av to mandat. Partiet er dermed blant valets store taparar i Os.
Ordførarkandidat Terje Sperrevik trøystar seg med at dei held stand som den fjerde største grupperinga i kommunestyret.
Artikkelen held fram under annonsen.
Uheldig
- Vi mista ikkje så mange stemmer, men i høve til mandat slo det maks uheldig ut for oss. På den andre sida så var vi kanskje litt heldige ved førre val, konkluderer han.
- Er du med i gamet så må du tola nokre nedgangar også, legg han til.
- Kunne de ha gjort noko annleis i valkampen?
- Det er litt tidleg å seia. Kanskje kunne vi ha brukt Facebook og jobba meir opp mot den yngre garde. Vi ser også at den grøne bølgja, som førte til framgang for Sp, V og MDG, på sett og vis slo inn over oss, seier han.
Sperrevik, som i går deltok på valvake med TvS på Bjørnefjorden gjestetun, håpa i det lengste på tre mandat.
Gratulerer Søviknes
- Vi hadde ei fin valvake, sjølv om vi gjerne skulle hatt meir jubel. Men vi må jo berre gratulera dei andre partia med valet. Terje Søviknes held stand, så det er tydeleg at osingane set pris på arbeidet han gjer. Ein kan jo undrast over det, men slik er det, og det må vi ha respekt for, seier han.
- Kva vert den viktigaste kampsaka no framover?
- Det kjem litt an på kven som kjem inn for oss. Eg reknar med at eg er inne, og då vert i alle fall areal viktig. Der har vi både erfaring og historie.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Elles er nok skule hovudsaka vår, seier Terje Sperrevik.