Skrekkblanda fryd med monster i garnet
Born og vaksne i båten fekk sjokk då dei drog garn i Fusafjorden laurdag. – Eg har fiska her i ti år og aldri opplevd noko i nærleiken, seier Fredrik Langeland.
Fredrik Langeland og familien har landstad i Bergegrend i Fusa. I helga hadde dei besøk av Jon Asbjørnsen, Fredrik sin svoger, med familie. Tidleg laurdag morgon reiste dei to ut med båten saman med borna for å drege opp garnet som låg rett ved Bergeholmen.
– Borna hang over ripa på båten for å sjå kva som kom opp, då dei starta å ropa at det var ei stor flyndre i garnet. Det viste seg å ikkje vera ei flyndre, men ein stor gråsteinbit som kom over ripa med kjeften først. Borna blei kjemperedde og trekte unna, fortel Langeland og legg til:
Artikkelen held fram under annonsen.
– Det var Jon som drog garnet. Han fekk også sjokk og fall bakover. Han sa etterpå at han aldri hadde drege opp garnet om han hadde sett at det var steinbit.
Som om ikkje éin stor steinbit var nok. Kort tid etter kom det ein mindre, men framleis stor steinbit over ripa.
– Borna fekk beskjed om å passa seg for steinbit av den storleiken lett kan bita av ein finger.
Måtte kjøpa ny vekt
Då dei kom til land, måtte dei kjøpa ny vekt på Fjord´n Senter.
– Vekta vi hadde gjekk berre til åtte kilo. Den tyngste steinbiten vog 11,8 kilo. Den andre var 5,7 kilo, seier Langeland og held fram:
– Det var mange som var nysgjerrige på kva fisk vi hadde fått sidan vi måtte kjøpa ny vekt. Det var mange som kom for å sjå kva dette var, og fleire sa at dei aldri hadde høyrt om nokon som hadde fått ein så stor steinbit i fjorden der.
Etter at sjokket hadde lagt seg litt, var det berre stas for borna.
– Dei sa at dei aldri hadde opplevd noko så kjekt før. Sonen min sa at det var den beste dagen i livet hans.
Artikkelen held fram under annonsen.
Seks kilo steinbitfilet
Etter at familiane var ferdige med å ta bilete, blei dei to steinbitane fileterte. Seks kilo kjøt sat dei att med etter å ha filetert.
– Det blei eit betre måltid laurdagskveld, seier Langeland og smiler.
Sjølv om det skal bli vanskeleg å toppa opplevinga laurdag, har ikkje det teke bort fiskegleda til familien.
– Vi har fiska i området i ti år, og aldri opplevd makan. Dette inspirerer berre til fleire fisketurar, seier Langeland.