— Melding frå ein ambulanse om ryggjande bil på motorvegen
Torsdag blei Skogafjellstunnelen stengd etter melding om ryggjande bil.
Vegtrafikksentralen vest melde om at Skogafjellstunnelen var stengd retning nordover torsdag formiddag. Årsaka skal vera at ein bil hadde rygga på motorvegen.
Trafikkoperatør i vegvesenet, Andreas Rasmussen, opplyste at tunnelen vart opna att etter kort tid.
Artikkelen held fram under annonsen.
— Vi fekk melding frå ein ambulanse om ryggjande bil på motorvegen i Endalausmarka. Då stengde vi ned tunnelen. Vegen blei opna att kort tid seinare, fortel Rasmussen.