Ungdom møter ungdom: Mathilde Nonås skjønar at ungdom i Os lett vert trekt mot stader der ungdom møtest.

Skjønar godt kvifor ungdom reiser til Lagunen: — Det skjer jo ingenting i Os

— To halve kveldar på Ung Arena er ikkje mykje å tilby oss ungdomar, slår Mathilde Nonås fast.

Leiaren i Bjørnafjorden ungdomsråd tek kontakt med Os & Fusaposten onsdag ettermiddag. 16-åringen ønskjer å kommentera ungdomssakene avisa publiserte dagen i førevegen.

— Det er greit at politiet ikkje meiner det er bra at unge reiser til Lagunen berre for å hengja, men eg forstår dei som vert trekte mot denne plassen. Kveldstilboda for ungdom i Os sentrum er magre. Eit par ettermiddagar på Ung Arena, elles skjer det ingenting, konstaterer Nonås.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
— Os skal ikkje bli ein utrygg plass for folk å ferdast
Les også
Stakk frå staden då politiet kom

Oppfordring til politikarane

Politikontakt i kommunen, Anne Lyssand, har oppfordra foreldre til å bidra til at ungdomen ikkje heng på kjøpesenteret i Rådalen 'berre for å hengja'. Nonås meiner ein bør gjera meir enn å leggja ansvaret på foreldra.

— Foreldre kan sikkert prøva å påverka borna sine til å ta klokare val, men eg meiner det også ligg eit ansvar på våre folkevalde i Bjørnafjorden. Eg veit at kommunekassen er skrapa, men på sikt vil det garantert vera ei veldig god investering å leggja til rette for fleire møteplassar for ungdomen i Os sentrum, seier ho.

Les også
Snitching er blitt eit tema heilt ned i barneskulen: — Vi er inne på ein farleg veg

— Kva med Ung Arena?

— Ung Arena er ein flott plass og burde sjølvsagt ha vore ope langt oftare enn to dagar i veka. Fem dagar kvar veke står altså det flotte lokalet ubrukt, poengterer ho og held fram:

— Men eg tenkjer også at ein bør få til ein meir uformell plass der ungdomen kan hengja. Det er ikkje så mykje som skal til. Eit par sofaer, nokre bord, ein PC eller to, og vipps så er det ein samlingsplass.

Nonås veit det er fleire tomme lokale i Os sentrum.

— Det er ikkje sikkert det hadde kosta så mykje, men det krev litt tilrettelegging og frivillig innsats, slår ho fast.

Kveldstilbodet: Mathilde utfordrar politikarane i Bjørnafjorden til å sjå på kva dei kan gjera for å betra kveldstilbodet for ungdomen.

Ønskjer debatt om temaet

Leiaren i ungdomsrådet er klar på at første steg er å få opp ein diskusjon om moglege alternativ.

Artikkelen held fram under annonsen.

— Me i ungdomsrådet utfordrar gjerne politikarane til å ta opp dette temaet i kommunestyret, men me bør også utfordra dei føresette. Det er ikkje så mykje som skal for eit lågterskeltilbod, men frivillig innsats kjem me ikkje utanom i ei tid då kommunen ikkje har pengar til slike tiltak, konstaterer Nonås.