Skal ha vorten att i parkert og låst buss. Knuste rute.
Politiet fekk melding onsdag føremiddag.
Kl. 11:30 fekk politiet melding om ein mannsperson som skal ha knust ei rute på ein buss som stod parkert i Industrivegen.
– Hendingsforløpet er noko uklart, men det framstår som at personen var inni bussen etter at han var blitt parkert og låst, opplyser politiet.
Artikkelen held fram under annonsen.
Vedkomande gjekk frå bussen etter hendinga. Patruljen oppsøkte staden og fekk sjå videoovervåkning og søkte etter personen som hadde utført skadeverket.
– Ein person som passa skildringa blei kontrollert i Os sentrum ei stund seinare. Personen vedkjente seg ikkje handlingane og blei etter kvart dimittert. Politiet avventar melding frå busselskapet på skadeverket, opplyser vakthavande.