Blei snakka til: Meldar snakka til gutane som skal ha fyrt opp bål. Då skal dei ha sprunge frå staden.

Skal ha fyrt opp bål ved butikk — sprang frå staden

Søndag kveld skal nokre gutar ha laga bål ved Kiwi i Idrettsvegen.

— Klokka 20.31 søndag fekk politiet melding om at nokre gutar hadde tent bål ved Kiwi-butikken i Idrettsvegen. Meldar hadde snakka til gutane og dei skal ha sprunge frå staden, opplyser politioverbetjent Anne Lyssand i ein e-post.

Vidare skriv Lyssand at dei hadde tent på tørt gras og greiner. Politiet utførte ingen operative tiltak.

Artikkelen held fram under annonsen.

Like før klokka 12 laurdag formiddag kolliderte to bilar like nord for Tøsdalsskiftet.

— Den eine bilen hadde fått sleng på “slapseføre” og trefte ein motgåande bil i fronten, opplyser Lyssand.

Dei var to kvinnelege førarar involverte. Ei i tenåra, og ei i 80-åra, ifølgje politiet.

— Ingen førarkortbeslag. Bilbergar var raskt på staden og fekk fjerna den ein bilen som ikkje var køyrbar. Det blei oppretta sak, skriv Lyssand.