Skal ha «fyllekøyrd» på Strønevegen laurdag

Strønevegen: Føraren skal ha køyrd i påverka tilstand midt på dagen laurdag.

Politiet har enno ikkje teke stilling til førarkortbeslag etter hendinga.

Klokka 11.53 laurdag vart ein bilførar stoppa av politiet på Strønevegen. Han vart då kontrollert for køyring i påverka tilstand, og teken med til legevakt for blodprøve.

Deretter vart føraren dimittert.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er oppretta sak for køyring i påverka tilstand, men politiet har ikkje teke stilling til førarkortbeslag enno.

Mangla forsikring

Nokre timar tidlegare, klokka 03.08 kontrollerte politiet ein bil som mangla omregistrering og forsikring.

Ulvenvegen

Same føremiddag vart det føreteke ein promillekontroll i Ulvenvegen. 53 bilførarar vart kontrollerte, men ingen vart ilagt nokon reaksjonar.

Hatvik

På ettermiddagen kontrollerte politiet ein bil og ein førar på Hatvik etter melding om mogleg promillekøyring og uregelmessig køyring.

Føraren bles til 0 og vart dimittert etter kontroll.