Psykotisk: Påtalemakta meiner den tiltalte mannen var i ein psykotisk tilstand.

Skal ha blitt valdteken i eigen heim: «Oppgav all motstand» i frykt for at borna skulle vakna

Mannen i 40-åra er no tiltalt for vald, valdtekter og gjentekne brot på kontaktforbod.

Ein av valdtektene som mannen er tiltalt for, skal ha skjedd heime hos ei kvinne i Bjørnafjorden kommune.

Mannen skal ha pressa hendene sine rundt halsen hennar slik at kvinna ikkje fekk pusta.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ho skal då ha oppgitt all motstand av frykt for å blitt utsett for ytterlegare vald, og av frykt for å vekkja borna sine som sov.

Mannen skal ved fleire seinare høve ha utsett kvinna for vald og valdtekter, og ei lang rekkje med brot på ilagt besøksforbod.

I fylgje tiltalen skal mannen ha vore psykotisk, og det vert truleg nedlagt påstand om overføring til tvungent psykisk helsevern.