What Came From The Sea.
What Came From The Sea.

Skal erobra verda med gamal Maradona-låt

Osing Rolv-Erik Berge og bandet hans What Came From The Sea slår an i Argentina med ein gamal Maradona-låt.

- Det er surrealistisk. Eg trur det ikkje før eg landar i Buenos Aires, seier Berge.

I november legg bandet ut på ein mini-turné i heimlandet til det store fotballnamnet. Bergensbandet, som såg dagens lys i 2012, er nok førebels større i Argentina enn i Noreg. På turneen har dei til no booka seks spelejobbar, i tillegg til ein radio- og ein TV-opptreden.

Artikkelen held fram under annonsen.

Blir laga dokumentar om reisa

Det starta for eit par år sidan, då det ferske bandet skulle på turne i Europa. Dei hadde ikkje så mange låtar, men vokalisten, Torgeir Enerstvedt, fortalte at han hadde ein sang på lur. Sangen, som er ein hyllest til Diego Maradona, blei laga tidleg på 2000-talet til bandet han var i på den tida.

- Me lagde ein ny versjon av låta, og gjorde den til vår eigen. Me merka at den slo til på kontinentet, seier Berge.

Attskapte dei legendariske 1986-måla

I fjor bestemte bandet seg for å laga musikkvideo til låta. På Møhlenpris-banen vart dei to legendariske Maradona-skåringane frå kampen mot England i 1986 attskapt, og bandet meinte at dei hadde laga ein fin og vittig musikkvideo.

- Så blei videoen retweeta av blant andre Finn Bjelke, Marco Veratti, og Jonathan Wilson frå The Guardian. Då fekk videoen om lag 2.000 views på kort tid, seier Berge.

"Tomorrow you will be famous"

Så blei det stille i ein periode. Men plutseleg ein dag vakna vokalisten til fleire meldingar frå ein som sa han var journalist i avisa Clarín.

- Det er visst nok den største og viktigaste avisa i Argentina. Han hadde snappa opp videoen, og ville laga ei sak om det, seier Berge.

Bandet fekk tilsendt notisen som kom i avisa, og ein link til nettstaden der saka også vart publisert. I den siste meldinga stod det også: "By the way, tomorrow you will be famous". På kort tid var videoen sett om lag 20.000 gonger.

Dokumentaren klar til våren?

Det gjekk ikkje lang tid før dei fekk melding frå eit argentinsk managementbyrå, som meinte at dei burde ha ein turné i landet.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Me svarte litt flåsete at det berre var til å invitera, så kjem me. No er det faktisk blitt ein realitet, seier Berge.

Mannen bak musikkvideoen, John Kaare Hoversholm, skal laga dokumentar av mini-turnéen.

- Me har ikkje avtalar med noko TV-selskap, men det er nokre interessentar. Om alt klaffar, vil dokumentaren koma på fjernsynet til våren neste år, seier Berge.

Er avhengige av økonomisk hjelp

Noko av grunnen til at dei tenkte at turneen var vanskeleg å gjennomføra, var at det rett og slett kom til å bli for dyrt.

- Men no har me fått sponsa to tredjedelar, og det ser meir overkommeleg ut, men me er nok avhengige av å få litt meir drahjelp. Det er med andre ord berre til å kontakta oss om nokon vil gje oss pengar, seier Berge, og ler.

Håpar på stjernemøte

Gitaristen bur i Bergen, men er opphaveleg frå Moberg, der han budde til han var i starten av 20-åra. No spøker han om at han skal bli rockestjerne i ein alder av 39 år, og kanskje til og med få treffa Maradona.

- Har han sett videoen?

- Ja, det har me fått bekrefta av ein som styrer den offisielle fanklubben til Maradona. Om me får helsa på han, så vil det vera det største høgdepunktet med turen. Det kjem me til å jobba for å få til, seier Berge.

Artikkelen held fram under annonsen.

Her kan du sjå musikkvideoen:Maradona