Skabbete rev «forsøkte å ta seg til rette» på Søfteland
Det vart teke eit bilete av reven, fortel politiet.
Kvart på tre torsdag fekk politiet melding om at Ettersøksringen i Os hadde teke hand om ein rev med mogleg skabb i Søfteland-området.
Reven skal ha forsøkt å ta seg til rette rundt ein bustad. Det vart teke bilete av reven, opplyser politioverbetjent Anne Lyssand.
Artikkelen held fram under annonsen.
Det er førebels ukjent om reven er identisk med den skabbete reven som streifa rundt i Hegglandsdalen for eit par veker sidan.