– Sjukefråværet i Vestland auka markant i fjerde kvartal
Meir enn dobbelt så mange vestlendingar blei sjukemeldte på grunn av sjukdom i luftvegane i fjerde kvartal 2021, som i same periode året før.
Det opplyser NAV i ei pressemelding.
– Det legemeldte sjukefråværet i dei siste tre månadene av 2021 enda på 6,1 prosent. Over 1 million planlagde dagsverk blei ikkje utført. Dette er ein tydeleg auke frå tidlegare år, og mykje av forklaringa ligg i pandemien, skriv NAV.
Artikkelen held fram under annonsen.
Sjukdom i luftvegane slår kraftig ut på tala.
– Men dette er ikkje den typen fråvær som uroar oss mest. Dei fleste er ganske raskt tilbake på jobb. Ser vi på tapte dagsverk, er muskel- og skjelettlidingar den klart største årsaka til fråvær. Vi ser også ein auke i psykiske lidingar som gir grunn til bekymring, seier direktør Anne Kverneland Bogsnes i NAV Vestland i pressemeldinga.
Frå 2015 til 2019 låg sjukefråværet i fjerde kvartal stabilt rundt 5,1 prosent. I 2020 auka det til 5,5 prosent, før det altså skaut ytterlegare i veret i fjor.
– Alt tyder på at det høge sjukefråværet vil halda fram inn i første kvartal i år. Og vi registrerer berre det legemeldte sjukefråværet. Korte fråvær med eigenmelding kjem i tillegg, seier Bogsnes.
Muskel- og skjelettplager er årsak til 33 prosent av dei tapte dagsverka. Deretter kjem psykiske lidingar med 21 prosent og luftvegsplager med 14 prosent.