Firedobling av koronatilfelle: 23 prosent av desse er uvaksinerte
Kommunens koronatal for veke fire viser ein kraftig auke.
– Smittetalet er sterkt stigande. Vi har registrert 309 positive PCR-svar i veke fire og 198 innmelde positive sjølvtestar, det vil seie totalt 507 smittetilfelle i veke fire. Førre veke var første veka der sjølvtesting skulle ta meir over for både karantene og PCR-testing. Dei som hadde positiv sjølvtest fekk sjølve ansvar for å rapportere dette inn digitalt til kommunen. Tala våre er ekstra høge denne veka samanlikna med veke tre, fordi vi her tel med sjølvtestar — tidlegare venta vi til sjølvtestar var bekrefta av PCR-test, skriv kommunen på heimesida si måndag.
Det blei meld om 132 tilfelle i veke tre.
Artikkelen held fram under annonsen.
Vidare skriv dei at no skal berre ein del av sjølvtestane bli bekrefta med PCR. I veke fem (neste veke) vil desse tala justera seg etter den nye ordninga.
Kommunen melder at omikronbølgja er her no, men at det førebels ikkje har ført til kritiske situasjonar i tenestene.
Dei smitta kommunen har registrert, er:
4 % i barnehagealder
15 % i barneskulealder
22 % i ungdomsskulealder
7 % elevar i vidaregåande skule
48 % i alderen 18-64 år
4 % er over 65 år
Artikkelen held fram under annonsen.
Vaksinestatus:
20 % av dei smitta har fått tre vaksinedosar
33 % har fått to vaksinedosar
24 % har fått éin vaksinedose
23 % er uvaksinerte
Vaksinering
* 45 % av alle innbyggarar har fått 3. dose.
* Ca. 50 % av alle 18-44 år har fått tilbod om 3. dose.
* Det er framleis mange i denne gruppa som ikkje har oppnådd tidsintervallet på 20 veker. Den store delen kjem dei neste tre vekene.
Kommunen opplyser også om at dei har inngått avtale med tre apotek om vaksinering for å gjera det enklare for folk å ta vaksinen.