Sju testa positivt: Sju personar i kommunen fekk påvist covid-19 onsdag 18. august.

Sju smittetilfelle stadfesta onsdag: Tre av dei har ukjend smitteveg

Kommunen bed innbyggjarane om å bruka munnbind og sunn fornuft.

- Bruk munnbind og sunn fornuft på kollektivtransport, kjøpesenter, butikkar og andre stader der du ikkje kan halda god avstand til andre, oppmodar ordførar Trine Lindborg i ei sak på kommunen si heimeside.

Der kjem det fram at sju personar i kommunen fekk påvist covid-19 onsdag 18. august.

Artikkelen held fram under annonsen.

* Barn i barnehagealder. Nærkontakt til tidlegare påvist smittetilfelle.

* Tenåring. Nærkontakt til tidlegare påvist smittetilfelle.

* Kvinne i 20-åra. Ukjend smitteveg.

* Mann i 30-åra. Ukjend smitteveg.

* Mann i 30-åra. Ukjend smitteveg.

* Kvinne i 30-åra. Nærkontakt til tidlegare påvist smittetilfelle.

* Mann i 40-åra. Nærkontakt til tidlegare påvist smittetilfelle.