Sju nye smittetilfelle: Totalt er 37 tilfelle no knytt til utbrotet på Os ungdomsskule
Seks av dei sju stammar frå utbrotet på ungdomsskulen.
I tidsrommet fredag 14. til måndag 17. mai, fekk sju personar i Bjørnafjorden kommune påvist covid-19. Det melde Bjørnafjorden kommune tysdag formiddag. Seks av tilfella har samband med utbrotet på 8. trinn ved Os ungdomsskule.
Måndag 17. mai:
Artikkelen held fram under annonsen.
Barn i barneskulealder. Kjend smitteveg frå 8. trinn ved Os ungdomsskule. Ingen nærkontaktar utover husstandsmedlemmer.
Søndag 16. mai:
Barn i barneskulealder. Kjend smitteveg frå 8. trinn ved Os ungdomsskule. Ingen nærkontaktar utover husstandsmedlemmer.
Laurdag 15. mai:
Mann i 30-åra. Kjend smitteveg frå 8. trinn ved Os ungdomsskule. Ingen nærkontaktar utover husstandsmedlemmer.
Kvinne i 50-åra. Kjend smitteveg frå 8. trinn ved Os ungdomsskule. Ingen nærkontaktar utover husstandsmedlemmer.
Kvinne i 50-åra. Kjend smitteveg frå 8. trinn ved Os ungdomsskule. Ingen nærkontaktar utover husstandsmedlemmer.
Kvinne i 40-åra. Smitta i husstanden. Kjend smitteveg frå annan kommune.
Artikkelen held fram under annonsen.
Fredag 14. mai:
Elev på 8. trinn ved Os ungdomsskule. Ingen fleire nærkontaktar.
Totalt er det no 37 smittetilfelle tilknytt utbrotet på Os ungdomsskule: 24 elevar, 12 husstandsmedlemmer og ein lærar.