Sjokolade og pinnekjøtt er fy-fy
Det er heilt greitt å skjemma bort dyra i jula, men pass på kva du matar dei med, for enkelte ting er rein gift for dei firbeinte.
- Sjokolade er rein gift for hundane. Det same er druer og rosiner, seier dagleg leiar i Os Dyrebutikk, Monica Sagen Jensen og legg til:
- Ein skal heller ikkje mata dyra med pinnekjøtt. - Kvifor ikkje?
Artikkelen held fram under annonsen.
- Det er veldig salt, og ein kan risikera at dei blir sjuke. Det ønskjer ein vel ikkje skal skje med dyra. Det er heller ikkje kjekt å ha eit dyr som går med diare heile jula, smiler Sagen Jensen.
Ho meiner at ein grei regel er å la vera å gje dyra menneskemat, og heller skjemma dei litt bort med gode produkt som er laga for til dei firbeinte.
Populær adventskalender
Det er ikkje berre menneske som får adventskalender. Sagen Jensen fortel at ho har selt bra med hunde- og katteadventskalendrar.
- Eg plar ha kalendrar til gnagarar også, men eg var litt seint ute med å bestilla i år, seier ho.
Elles finst det både juleinspirerte leikar, og godbitar forma som juleeffektar. På "julebordet" ved utgangen i butikken, finn ein også juleklede til dei firbeinte.
- Trur du at hundar likar å ha klede på seg?
- Det varierer nok frå hund til hund, men for dei rasane som frys meir enn andre, trur eg det berre er bra med klede når det er vått og kaldt ute, seier Sagen Jensen.
Tips til nyttårsaftan
Det er ikkje lenge til me går inn i 2016. Nyttårsaftan i år blir nok som dei føregåande, med mykje støy og høge smell frå rakettar.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Nokre dyr er meir redde enn andre. Det finst måtar ein kan roa dei ned litt på, seier Sagen Jensen og held fram:
- Me sel naturmedisin her som skal roa ned dyra. Treng ein legemidlar må ein gå til veterinæren. Me sel også ein CD, som ein kan bruka til gjera dyra vane med lydane på nyttårsaftan.
Sagen Jensen har eit siste tips som kan hjelpa litt på veg.
- Me har brukt å setja på radioen til hestane. Då blir dei vane med å ha lydane kring seg, seier ho.
Her kan du sjå ein oversikt over kvadyra ikkje skal ha i seg.