Promillekontroll: Det var fokus på promillekøyring, men politiet ferska to medan dei skal ha gjort seg skuldig i eit anna lovbrot.

Sjekka for promille — stoppa to for eit anna lovbrot

Det var ingen av dei 70 kontrollerte trafikantane som hadde promille torsdag morgon.

Torsdag morgon hadde Utrykkingspolitiet kontroll i Storestraumen. Der hadde dei fokus på promille. Av totalt 70 kontrollerte bilistar, var det ingen som blåste raudt. Det var likevel to som kom fattigare frå kontrollen.

— Resultatet av kontrollen blei to forenkla førelegg for å ha snakka i mobiltelefon, opplyser politioverbetjent Anne Lyssand ved Bjørnafjorden politistasjon i ein e-post.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ved inngangen til fjoråret auka bøtesatsane frå 1.700 kroner til 5.000 kroner og tre prikkar for mobilbruk bak rattet.

Det skulle berre gå om lag eitt år før satsen nok ein gong gjekk opp. No må ein ut med heile 7.450 kroner om ein blir ferska med handhalden mobil.

Tore Kleppe er blant dei som er tatt for mobilbruk bak rattet etter auka i mars.