Sjekka fleire enn 70 personar for promille. Enda med førelegg for mobilbruk.
UP valde seg ut Kolskogen onsdag morgon.
I 9-tida onsdag hadde Utrykningspolitiet (UP) og Statens vegvesen ruskontroll i Kolskogen.
Totalt 73 personar vart kontrollerte utan eit einaste utslag.
Artikkelen held fram under annonsen.
Derimot vart ein person ilagt eit forenkla førelegg for ulovleg mobilbruk. Det kosta vedkomande 9.700 kroner og tre prikkar på førarkortet.
Ny kontroll
Ein time seinare, i 10-tida, hadde UP åtferdskontroll på Osøyro.
Her vart 15 personar kontrollerte, men heller ikkje her vart det utslag på rus.
Heilt utan fangst vart dei likevel ikkje, sidan ein person fekk gebyr for å ikkje bruka bilbelte. Her er satsen 1.500 kroner.