Sjekk ut Os & Fusapostens nye eigedomsoversikt
På vår nye interaktive eigedomsside kan du fortløpande få med deg samtlege sal i våre to kommunar.
Denne veka lanserer Os & Fusaposten ei heilt ny nett-teneste for våre abonnentar. Tenesta erei eigedomsoversikt der ein fortløpande kan følgja alle kjøp og sal som vert gjort i Os og Fusa. Med vårt interaktive kart, kan ein også få god oversikt over nett kvar dei konkrete sala og kjøpa vert gjort.
Ledd i satsinga
For abonnentane våre er det også mogleg å gå inn og sjekka heile historikken til aktuelle salsobjekt ein følgjer med på.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Dette er eit ekslusivt tilbod til alle våre abonnentar som me vonar fell i smak og vert mykje brukt. Me veit at folk følgjer med på eigedomssal og liker å halda seg orienterte innan denne marknaden. No gjev me dei eit verkty som gjer det lettare å halda seg oppdatert, seier redaktør i Os og Fusaposten, Jostein Halland.
Han legg til at tilbodet er eit ledd i lokalavisas utvikling og satsing på digitale tenester.
kenneth.svenningsen@osogfusa.no