Sjå biletserie: — Eg hadde aldri trudd at så mange ville melda seg på
Søndag vart det for første gong i historia arrangert Rosa sløyfe-løp mellom Fusa og Skjørsand. Arrangørane er overvelda over deltakinga.
Rosa sløyfe-arrangementa har alltid stått sterkt på Fusa-sida i kommunen. Tradisjonelt har Rosa sløyfe-løpet vorte arrangert i Eikelandsosen. Slik var det til og med hausten 2019, før pandemien sette ein stoppar for løpet i fjor.
I år var det endeleg mogleg å samla mange deltakarar på éin og same plass igjen. Men denne gongen var det Fusatun som var sentrum for arrangementet.
Artikkelen held fram under annonsen.
— Storbyane har jo sine løp, men så las eg på brystkreftforeininga sine sider om det såkalla «Ildsjelløpet». Eit løp ein kunne laga til på mindre tettstadar. Så tenkte eg: «Det passar jo perfekt her på Fusa», konstaterer Linda-Merethe Dysvik.
Initiativtakaren tok straks kontakt med svigerinna si Veronica Lønøy. Ho var klar til å vera med.
— Me var begge litt oppglødde av å kunna arrangera noko her på Fusa. Det er ikkje så ofte det skjer noko her, men me er mange som soknar til området, understrekar Dysvik.
Nær 100 til start
Godt hjelpt av fantastisk fint haustvêr kom det nær 100 deltakarar til startområdet på Fusatun.
— Eg er heilt overvelda av oppmøtet. Me hadde deltakarar i alderen 0—81 år og jammen var det ikkje også nokre mannfolk som fann vegen. Dette vart endå betre og meir morosamt enn me hadde våga å håpa på, seier Dysvik.
Ho skryter av Janne og Ellinor som fekk opp pulsen og stemninga på deltakarane før løpet.
— Me fekk kjempefin felles oppvarming med basisball-damene våre, Janne Gjøen Opsal og Ellinor Vinnes. Etter det var det klart for å leggja ut på det vel 3 km lange løpet, fortel Dysvik.
Løypa var lagt langs ved hovudvegen og gjekk mellom Fusatun og Skjørsand.
Artikkelen held fram under annonsen.
— Det var ein nydeleg tur, og det var fantastisk og sjå alle som var kledde i rosa gå og springa bortover langs vegen, fortel Dysvik.
Takk vere gode støttespelarar frå det lokale næringslivet fekk dei høve til å dela ut goodie bags til deltakarar, og dessutan lodda ut premiar på deltakarnummera.
— Totalt 11 premiar fekk me sponsa. Førstepremien var 2.000 kroner frå Fusa Camping, fortel Dysvik.
Men endå viktigare var pengane dei fekk samla inn til Rosa sløyfe-aksjonen og brystkreftforeininga.
— Totalt vart det 27.000 kroner. Det er me kjempenøgde med. Dette var første gong, og den summen monnar bra, seier Dysvik.
Større arrangement neste år
Etter løpet var det klar semje blant både arrangørar og deltakarar. Det måtte bli eit nytt løp neste haust.
— Det var ikkje berre det å samla inn pengar til brystkreftsaka som gleda. Veldig mange av oss har jo knapt vore i lag og prata på månadsvis grunna pandemien. Det var stor glede for oss å kunna vera så mange i lag på ein gong. Jo, eg trur me skal få til dette neste år også. Og då skal me gjera det til ei endå større greie, seier Dysvik.
Som mange kanskje veit, er ho ein svært flink hobbyfotograf. No nyttar ho høvet til å skryta av ein annan flink fotograf.
Artikkelen held fram under annonsen.
— Eg sjølv var oppteken med arrangementet, men eg fekk med Hans-Egil Brekke. Han tok veldig mange fine bilete på søndag, skryter Dysvik.