– Sjå kor glade dei blei!
Os ASVO leverte fredag ein spesiallaga brannbil til Øvreeide gard. Born frå Hegglandsdalen barnehage var dei første som fekk prøva han ut.
– Sjå kor glade dei blei. Det er så kjekt når borna er glade, seier Helge frå Os ASVO.
Helge, Caroline, Espen og Geir leverte fredag bestillingsverket til Øvreeide Gard, som hadde invitert born frå Hegglandsdalen barnehage til å vera dei første som fekk prøva brannbilen.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Eg fann ein tilsvarande brannbil i Kristiansund for nokre år sidan. Eg fekk lyst på ein, og tok bilete og mål. Planen var å laga ein sjølv, men det har ikkje blitt til, så eg gav prosjektet vidare til Os ASVO og gav dei kunstnarisk fridom, seier Tore Øvreeide og held fram:
– Eg er kjempenøgd med resultatet. Eg trur at sjølv brannsjef Stein Gjøsund vil bli misunneleg. Kanskje vil brannvesenet leggja øvingar til dalen framover, seier Øvreeide og ler.
Brannbil med slange og stige
Det er Hugo Hjelle som har laga brannbilen. Han var ikkje til stades under overleveringa fredag føremiddag.
– Eg skal helsa Hugo og fortelja han kor glade borna blei. Vi har ikkje vore med og hjelpt han. Vi berre leverer, fortel Caroline.
Brannbilen var utstyrt med vasslange og ein stige som borna kan klatra i – og han såg verkeleg ut til å falla i smak. Ein gut hadde vasslangen, fleire hadde samla seg på taket og inne i sjølve bilen var det ikkje rom for fleire born. Øvreeide fortel at dagens happening var ei markering av at sesongen er i gang på Øvreeide Gard.
– Vi har hatt arrangement her i år, men dette er den offisielle sesongopninga. Først er det avduking av brannbilen, før borna skal få lappar og grillmat.