Siste dag for å bidra til julekorg-prosjektet: — Bidraga har vore færre i år
I ti år har frivillige samla inn gåver, julemat og gåvekort til vanskelegstilte i kommunen. I år har bidraga vore færre.
— Det er fleire årsaker til det. For det første har me nokre sponsorar som ikkje er med i år. Dessutan sit kanskje pengane litt mindre laust no i pandemi-tida, seier Maren Engelsen.
Etter at Birte Gaassand Særvold start det heile i 2011 har Engelsen vore med dei siste ni åra. I år leiar ho «julekorg-prosjektet» i lag med Birtes søster, Irene Særvold Halvorsen.
Artikkelen held fram under annonsen.
— Grunna pandemien har me dei to siste åra oppmoda folk om å kjøpa gåvekort på mat, i staden for å handla inn sjølve. Det er meir smittevenleg og praktisk, fortel Engelsen.
Dei har hatt avtale med Kiwi Moberg og Kiwi Gudriflaten.
— Me skal henta gåvekorta no i kveld (torsdag), så byrjar me å laga til pakkane dei komande dagane.
Har hatt opp mot 140 mottakarar
Tidlegare år har dei hatt opp mot 140 mottakarar. I år er dei usikre på kor langt bidraga rekk.
— Birte starta jo med å prioritera folk som var knytt til Vartun oppfølgingsteneste. Dei vil tradisjonen tru også bli prioriterte i år. I tillegg har me ein del familiar som me ønskjer å gje eit bidrag, fortel ho.
— Om folk les dette her og vil bidra no i innspurten, kva gjer dei då?
— Dei kan anten kjøpa gåvekort på dei to butikkane fram til i kveld. Elles kan dei Vippsa til meg på telefon 920 24 422. Eg har alt motteke ein del pengar og skal dei neste dagane handla inn litt fleire varer som me skal gje bort. Me er sjølvsagt svært takksame om fleire blir med. Det er mange som treng litt hjelp og støtte i desse tider, slår Engelsen fast.
Irene Særvold Halvorsen håpar dei klarar å levera julekorger til minst 100 i år.
Artikkelen held fram under annonsen.
— Me ser at me kan vera litt short i år, men me håpar i det lengste. Me har veldig mange som vil ha hjelp og me synest det er veldig leit å måtta seia nei til nokon, seier Halvorsen.
— De skal ut og levera i morgon. Kva om de får bidrag etter det?
— Då skal me sjølvsagt få det også ut sjølv om me leverer hovuddelen i morgon, meldar Halvorsen.