Siri Lill Mannes gjest på årsmiddag
Når Os Næringsråd komande fredag inviterer til julebord i Symrasalen, er det med kommunikasjonsekspert Siri Lill Mannes som hovudtalar.
Os Næringsråd slår på stortromma når dei komande fredag inviterer til årsmiddag og julebord. I tillegg til god mat og drikke, vert det eitt og anna matnyttig innslag. Mellom anna skal Terje Søviknes gje ei statusoppdatering frå rådhuset. Vidare skal advokat Ole Kristian Nag snakka om endringar i arbeidsmiljølova og konsekvenser av den nye skattereforma.
Men dagens hovudgjest er Siri Lill Mannes, dagleg leiar i SpeakLab og mangeårig nyheitspresentatør og utanriksjouranlist i TV 2. Mannes budde i Os i mange år, og kjem attende til bygda for å snakka om korleis og kvifor alle kan bli ein god formidlar.