Siktar høgt

Russen ved Fusa videregåande håper å slå tidlegare rekordar når dei søndag startar årets innsamlingsaksjon for Kreftforeningen og går frå dør til dør med bøssene sine.

Den årlege aksjonen Krafttak mot kreft vert arrangert i løpet av dei to første vekene i mars. Aksjonen har også mottoet "årets viktigste russeknute".

- Vi får ei minibøsse til å knyte i lua for å stilla som bøsseberarar, fortel Elin Sundvor i styret for årets aksjon i Fusa.

Artikkelen held fram under annonsen.

Styret består av Vegard Kolle Kleivane, Elin Sundvor, Amanda Njøten og Elise Aga.

Til livsforlengande behandling

I år går dei innsamla pengane til forsking på livsforlengande behandling og tilbod til alle som må leva med kreft resten av livet.

Alle vidaregåande skuler i Hordaland og Sogn og Fjordane er med på årets aksjon.

I fjor samla russen inn totalt 35 millionar på landsbasis.

- Det viser kor mykje ein kan få gjort med så liten innsats som å gå nokre timar, seier Amanda.

Håper på rekord

I fjor samla Fusa-russen inn 48.000 kroner og året før nesten 90.000.

- Vi vil veldig gjerne slå rekorden frå i fjor. Det hadde vore sinnsjukt kult å slå den andre også, men vi håpar i første omgang på å klara i alle fall minst like mykje som i fjor, seier dei fire.

Ved Fusa videragåande er dei i år 26 russ.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Ikkje alle dei kan bera bøsse, så vi har rekruttert blant dei andre på skulen også, og har no delt ut 29 bøsser, kan Elin fortelja.

- Vi er godt nøgde med å ha fleire bøsser enn russ, og veldig glade for dei som vil hjelpa oss, seier Elise.

Russeaksjonsstyret håper mange vil gje. Dei fire i styret organiserer alt det praktiske i samband med aksjonen. Særleg siste veka har dei hatt mykje jobb.

- Vi har skaffa ekstra bøsseberarar, delt ut bøsser og ikkje minst kontakta mange lokale verksemder og spurt om dei vil bidra.

Nært for mange

- Kreft er ei sak mange har eit spesielt forhold til. Ein tredjedel av den norske befolkninga vil oppleva å bli ramma i løpet av livet. Og dei fleste kjenner nokon som har eller har hatt kreft, seier Amanda.

Fusarussen startar aksjonen sin søndag og vil gå frå dør til dør frå 16-tida og nokre timar utover ettermiddagen.

- Då må folk hugsa å ha kontantar heime, oppmodar styret om.

- Det er til ei veldig, veldig god sak, så vi vil også oppmoda alle om å støtta aksjonen, legg Amanda til.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dei vil prøva å dekkja heile kommunen.

- Men vi klarer ikkje dekkja kvart einaste hus, seier Elin.

- Derfor er det flott at ein i år kan gå inn på ei nettside og betala direkte der, det beløpet ein ønskjer. Også for dei som ikkje er heime eller manglar kontantar, forklarer Amanda.

- Det er fritt beløp, kan dei fire fortelja.

Her kan ein gå inn og støtta Fusarussen, og hjelpa dei nå målet om rekord.