Sikra fire nye løyve etter årelang tvist med staten
Eide Fjordbruk AS og Fyllingsnes Fisk AS har etter forhandlingar med staten fått tilsegn om fire nye matfiskløyve. Dagleg leiar Knut Frode Eide er glad for at tvistesaka, som starta for sju år sidan, endeleg er løyst.
- Når ein veit kor vanskeleg det er å få tak i slike løyve, og kor store verdiar det er snakk om, vil eg karakterisera utviklinga i saka som utelukkande positiv, både for verksemda og for Fusa kommune, seier samfunnskontakt i Eide Fjordbruk AS, Ove Gjerde.
Frå før hadde Eide Fjordbruk AS og Fyllingsnes Fisk AS, som Fusa-verksemda kjøpte i 2009, fem løyve. No vert talet på løyve nesten dobla. Det får følgjer for talet på tilsette, som per i dag er 36.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Utfallet av saka har gjort at Eide Fjordbruk AS har gått frå å vera eit lite selskap til å verta éin av dei store blant dei små, seier Gjerde.
Til sak mot staten
Ifølgje ei pressemelding som verksemda sendte ut tidlegare i veka starta tvistesaka våren 2009. Då lyste Fiskeridirektoratet ut nye matfiskløyve for laks og aure i Hordaland. Eide Fjordbruk søkte om to løyve, Fyllingsnes Fisk om eitt. Søknadene vart avslegne.
- Knut Frode (Eide) meinte avslaga var gjort på feil grunnlag, og klaga på tildelinga, opplyser Gjerde.
Klagen vart avvist, og verksemdene bestemte seg etter kvart for å gå til sak mot staten. Eide Fjordbruk og Fyllingsnes Fisk tapte i tingretten, men vann altså i lagmannsretten.
- Gulating lagmannsrett slo fast at det var feil å avslå søknadene, og at selskapa hadde krav på erstatning, fortel Gjerde.
Domen vart forsøkt anka til Høgsterett, men saka vart avvist. Dermed starta forhandlingane med staten.
- Det har vore ført lange og konstruktive forhandlingar som til slutt løyste saka. Løysinga er god for selskapa. Det er etterlengta med ei avklaring av ei sak som har versert i snart sju år, heiter det i pressemeldinga.
- Historisk
Familieverksemda Eide Fjordbruk AS vart etablert i 1970. Verksemda har administrasjon og settefiskproduksjon i Eidestøa i Fusa, medan matfiskproduksjonen finn stad på til saman åtte lokalitetar i Kvinnherad og Lindås.
Artikkelen held fram under annonsen.
- For Fusa sin del betyr tildelinga at vi vert nøydd til å styrkja administrasjonen. Kor mange stillingar det er snakk om, er vanskeleg å seia på noverande tidspunkt, seier Gjerde.
- Sjølv om det ikkje er matproduksjon i Fusa per i dag, så vil utvidinga av verksemda få ringverknader for kommunen i form av auka omsetnad og skatt, legg Gjerde til.
Han fortel vidare at løyva skal fordelast på dei åtte lokalitetane som alt finst, men at verksemda kjem til å trengja meir areal.
- Det vert ei gradvis opptrapping av produksjonen, seier han.
Ifølgje Gjerde har Eide Fjordbruk brukt mykje tid og ressursar på den langvarige tvistesaka. Verksemda hadde ingen garanti for kva utfallet av domen i lagmannsretten vart.
- Det var heilt i det blå kva vi ville få ut av domen. At vi klarar å forhandla oss fram til fire nye løyve, er nesten historisk, meiner Gjerde.
Utfallet av saka har gjort at Eide Fjordbruk AS har gått frå å vera eit lite selskap til å verta éin av dei store blant dei små.