Signerer opsjonsavtale om hotelltomt fredag
Er eitt steg nærare hotell på tomta ved Oseana.
Bjørnafjorden kommune skal inngå opsjonsavtale med Krohnås Prosjekt AS og AF Gruppen Norge AS ved underavdelinga LAB Eiendom. Avtalen omfattar kjøp av ei tomt ved sida av Oseana kunst- og kultursenter for mogleg utvikling av eit sentrumsnært hotell.
Avtalen vil bli signert på Oseana fredag ettermiddag.
Artikkelen held fram under annonsen.
Frå kommunen vil ordførar Trine Lindborg og kommunedirektør Christian F. Fotland vera tilstades.