Sette seg i bilen for tidleg
Då mannen sette seg i bilen for å køyra, var enno ikkje alkohol-nivået i blodet nede på normalgrensa.
Politiet gjennomførte ein promillekontroll på Hatvikvegen sundag føremiddag. Politioverbetjent Audun Hadler-Olsen seier at nesten ingen blæs raudt i politiets alkometer. Med eitt unntak.
- Ein mann i 30-åra vart teken med promille på 0,5 etter alkoholforbruk kvelden i førevegen, seier Hadler-Olsen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Mannen vart midlertidig fråteke lappen, og det vart teke blodprøve av mannen.