Eit halvt år etter at dei blei sertifiserte som Miljøfyrtårn, blei det markert med utdeling av diplom i lokala til Norgeshus Byggmester Kjell Aarvik i Industrivegen. Frå venstre - Kjetil Aarvik, ordførar Terje Søviknes, Camilla Aarvik, Bjarte Aarvik, Kevin Balland og Emilie Hjertnes.
Eit halvt år etter at dei blei sertifiserte som Miljøfyrtårn, blei det markert med utdeling av diplom i lokala til Norgeshus Byggmester Kjell Aarvik i Industrivegen. Frå venstre - Kjetil Aarvik, ordførar Terje Søviknes, Camilla Aarvik, Bjarte Aarvik, Kevin Balland og Emilie Hjertnes.

Sertifisert som Miljøfyrtårn: – Eit stort kvalitetsstempel

Norgeshus Byggemester Kjell Aarvik har fått synleg bevis på at dei er Miljøfyrtårn-sertifiserte. No har dei også oppmoda lokale samarbeidspartnarar om å gjera det same.

– Sidan vi slutta oss til den overordna ordninga og fekk ansvaret for utdelinga, er det fleire som har sertifisert seg – både i det offentlege og private, seier ordførar Terje Søviknes og held fram:

– Dette er kjempebra av Aarvik og co. Det styrkjar konkurransekrafta særleg mot det offentlege, ved at det stadig er strengare krav til ei god ordning i botn og kvalitet når ein leverer tilbod. I det private er det også fleire som etter kvart får augene opp for kven som er sertifiserte og ikkje. Dette er eit stort kvalitetsstempel.

Artikkelen held fram under annonsen.

Må arbeida kontinuerleg

Det var i fjor vår at verksemda starta jobba mot å bli sertifiserte. I september var dei ferdige, og no fekk dei diplomet. Det blei feira med snittar og kake på kontoret i Industrivegen.

– Planen var at vi skulle klara dette innan 1. juli i fjor, men det viste seg meir krevjande, og det var først i september at vi kom i mål, fortel Camilla Aarvik.

For å kunna bli Miljøfyrtårn, må ein oppfylla ulike felles kriterium, kriterium til byggeigar og leigetakar, og bransjekriterium.

Ordførar Terje Søviknes seier at sertifiseringa er eit stort kvalitetsstempel for Aarvik og co.
Ordførar Terje Søviknes seier at sertifiseringa er eit stort kvalitetsstempel for Aarvik og co.

– Vi har bransjespesifikke krav, så noko er tilpassa oss, men det er også overordna reglar ein må følgja, fortel Kjetil Aarvik.

Sjølv om dei no er sertifiserte, betyr det ikkje at dei kan senka skuldrene.

– Arbeidet er ikkje over. Vi må jobba kontinuerleg, fortel Bjarte Aarvik.

Oppmodar samarbeidspartnarar om å følgja etter

I dag tel verksemda 36 tilsette. Til hausten får dei inn tre nye lærlingar.

– Vi har eit godt samarbeid med Os vidaregåande skule. Dei ønskjer å få ungdom ut i arbeidslivet, slik at dei får bidra og testa seg, fortel Kjetil.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Vi har elevar inne i 6–8 veker, Ser vi at det er potensial, så tek vi dei inn. Det er mange flinke elevar som kjem frå Os vidaregåande.

Etter at byggmeisterfirmaet i Industrivegen blei sertifisert, har dei vore i kontakt med samarbeidsverksemdene i bygda.

– Vi har kring 15 samarbeidspartnarar/underleverandørar. Per no er ingen av desse Miljøfyrtårn-sertifisert. Vi har oppmoda dei til å bli det, seier Kjetil og smiler.

Miljøfyrtårn er eit anerkjent og effektivt verktøy for å jobba målretta med å betra sine miljøprestasjonar innan områda arbeidsmiljø, avfallshandtering, energibruk, innkjøp og transport.

Miljøfyrtårn er Norges mest brukte sertifikat for verksemder som vil dokumentera sin miljøinnsats og visa samfunnsansvar.

Over 5.800 verksemder er sertifiserte som Miljøfyrtårn – frå små og mellomstore enkeltverksemder til store konsern og kommunar. Med tilpassa kriterium for over 70 ulike bransjar, gjer Miljøfyrtårn berekraft konkret og lønsamt.