Abo Plan og Arkitektur)
Abo Plan og Arkitektur)

Sentrumsblokker med 6 etasjar vedteke

Medan Frp var splitta, sikra Arbeidarpartiet fleirtal for prosjektet på Lientomta.

Like aust om elva (ved Eldresenteret) ligg Lientomta. Der ønskjer ByggConcept å byggja 58 husvære i tre blokker opp mot seks etasjar høge(SJÅ BILDESERIE). Maksimal mønehøgd vert 26 meter over havet, eller tre meter høgare enn kva som tidlegare var godkjent i prosjektet.

Plan- og bygningsutvalet var fredag på synfaring på Lientomta, før dei tok ein breiare diskusjon i plan- og bygningsutvalet. Det viste seg snart at det tradisjonelle fleirtalet mot det opposisjonelle mindretalet ikkje ville bli gjeldande denne gongen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ein Frp-ar i utakt

Først vart det klart at frp-aren Ove Frotvedt ikkje hadde tenkt å gå i takt med partisynet.

- Eg synest ikkje planen er bra. Her er det ikkje teke nok omsyn til naboane, og det er då også kome ein klage. Ein kunne lett ha justert høgda noko utan at det skulle gå på bekostning av økonomien i prosjektet, sa Frotvedt.

Klagen det vart sikta til kom frå ein nabo som vil mista noko av utsikta si når bygningane vert oppførte.

Politikarane i utvalet ute på synfaring fredag.
Politikarane i utvalet ute på synfaring fredag.

Ap i uvant rolle

Deretter oppstod den noko uvanlege situasjonen at Arbeidarpartiet var tydeleg for utbygging, medan Frp vakla.

- Dette er den første store utbygginga i sentrum. Dersom me seier nei til dette, vil me vera ute å køyra med tanke på å få folk tilbake til sentrum, sa Harald Døsen (Ap). Han hadde tidlegare bede utvalet vurdera hans habilitet i saka, sidan han er ein ven av dagleg leiar i tiltakshavar ByggConcept, Øyvind Tøsdal. Men utvalet fann han gild.

Han fekk dessutan støtte av partifelle Trine Lindborg.

- Er det ein stad i sentrum som kan tola seks etasjar så må det vera i denne skråninga. Men det betyr ikkje at eg for at dette skal bli normen i sentrum, sa ho.

Er det vakkert eller ikkje?

Tryggve Lillestøl (KrF) meinte at utbygging på Lientomta ville "øydeleggja litt av sjarmen ved osbygda".

Artikkelen held fram under annonsen.

Men Harald Døsen viste til ein arkitekt på osbesøk som hadde uttalt at høghus på Osøyro kunne plasserast i randsonene, men gjerne ikkje på flate Øyro. Ove Frotvedt var ueinig.

- Eg var på same møtet, og registrerte at arkitekten snakka vel så mykje om å byggja i tråd med tradisjonell arkitektur - som oselvarnaustet og -verkstaden er døme på, sa Frotvedt.

- Men det er jo same arkitektkontoret som teiknar prosjektet på Lientomta som har teikna «Vindu mot fjorden» kort veg unna, repliserte Harald Døsen.

- Ja, det skulle heller ikkje vore bygt, spør du meg, svara Frotvedt.

- For lite areal til leik

Tryggve Lillestøl meinte vidare at utbygging på Lientomta ville "øydeleggja litt av sjarmen ved osbygda". Men den største innvendinga hans handla om leikeareal.

- 25 kvm per bueining er for lite, meinte Lillestøl og viste til tidl. barnetalsmann Jonny Haugland sin uttale.

Han sa at ein ikkje burde tillata utvidinga frå 45 til 58 bueiningar. Kravet til leikeareal er 50 kvm per bueining, medan det berre var sett av halvparten av dette på Lientomta.

Noverande barnetalsmann Tom Leonsen sa at utvidinga ville gje mange fleire born på området enn kva som tidlegare var planlagt. Med 58 einingar og fleire born per eining, ville talet born kunna bli ganske høgt. Han håpte difor at trasé langs elva kunne gje dei lett tilgang til andre uteområde - som det ved Os ungdomsskule.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sperrevik mislikte Aps nye stil

Terje Sperrevik (TvS) gav uttrykk for at han mislikte det han såg som nye takter frå Arbeidarpartiet.

- Alle vil ha utvikling i Os sentrum, men eg synest ikkje at dette er godt nok gjort. Det undrar meg litt at Arbeidarpartiet tek litt lett på born og unge. Dette blir for fragmentert, sa Sperrevik.

Han meinte at både støyproblematikk og for dårleg trafikksikring, samt lite areal til leik støtta opp om at det var vist for lite omsyn til born og unge.

Han fekk straks replikk frå Trine Lindborg.

- Eg må få lov å svara Sperrevik når han seier at me ikkje tek born og unge på alvor. Me prøver å sjå ting i samanheng, og tykkjer at forslaget som er lagt fram, med både gatetun og leikeareal, er bra. Sperrevik får det til å høyra ut som om Ap no seier ja til ei svær byutvikling rett borti svingen. Men me må ikkje gløyma at det ligg ein godkjent plan i botnen her, sa ho.

- Det blir i alle fall spanande å følgja med på Ap vidare, sa Sperrevik.

Røysting

Dei som stemte nei til utvidinga frå 45 til 58 bueiningar:

(Røysting: 3 røyster: 1 Tvs, 1 KrF, 1 Frp)

Artikkelen held fram under annonsen.

Dei som stemte ja:

(Røysting: 6 røyster: 2 Frp, 2 Ap, 2 H)