Koronaviruset påverkar: Senterleiar Kristian Størksen fortel om reduserte opningstider og stengde butikkar på Fjord´n Senter.

Senterkafeen og Welcome Home er stengd

Slik blir Fjord´n Senter påverka av koronaviruset.

Frisørbua er stengd i tråd med nasjonale retningslinjer som følgje av koronaviruset, men tilbyr kundar å henta produkt om dei tek kontakt. Det er også butikkar i Fjord´n senter som har redusert opningstida. Welcome Home er stengd. Det er også senterkafeen, Phao´s Kafé.

– Eg snakka med Phao i dag tidleg, og ho vurderte å halda ope to dagar i veka. Ho har stengd kafeen mellombels grunna situasjonen med koronaviruset. Kan henda at ho kjem til å halda ope nokre dagar, men dette er usikkert per no. Welcome Home er også stengd på ubestemt tid, men har nettbutikk og tilbyr utkøyring av varer nokre dagar i veka. Det har også med bemanningssituasjonen å gjera, fortel senterleiar, Kristian Størksen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Malermester Hjelle held omsetninga oppe: Har hatt utkøyring kvar dag

Elles har ikkje senterleiaren fått signal om at det er fleire som no i nærmaste tid må ta same avgjerd.

– Det er tøffe tider for dei fleste. Alle butikkar har starta heimkøyring av varer til kundar, og eg ser at det er verksemder som lukkast med det. Anders Hjelle, som driv Malermester Hjelle, var tidleg ute, og verkar ha mange leveringar.

På AMFI Os har dei hatt stor suksess med utkøyring av varer. Tilbodet blei starta denne veka. På Fjord´n Senter er det butikkane sjølve som på eige initiativ har starta utkøyring.

– Om det blir mykje på dei, og kundar som ønskjer å handla frå fleire butikkar samstundes, kan det vera senterleiinga skal inn og hjelpa til, seier Størksen.

Vidare fortel Størksen at dei sjølvsagt følgjer alle retningslinjer på senteret, og dei har gjort det så trygt som mogleg for dei som ønskjer å koma på senteret for å handla.

– Vi har tilfelle der kundar ønskjer å gje gåver til nokon som til dømes har bursdag, men er forhindra til å gjera det. Då hjelper vi sjølvsagt med å pakka inn og få levert til mottakar. Det verkar som at folk viser ekstra omtanke for kvarandre i denne tida. Då vil vi sjølvsagt hjelpa til.