Lasse Syrvoll og Even Lepsøy er del av russebuss-gjengen som alt no er starta med å jobba for russebussen som skal ut og rulla i 2018. Første prosjekt er sal av dorullar.
Lasse Syrvoll og Even Lepsøy er del av russebuss-gjengen som alt no er starta med å jobba for russebussen som skal ut og rulla i 2018. Første prosjekt er sal av dorullar.

Sel 20.000 dorullar: Drøymer om russebuss

Dei er ikkje russ før i 2018, men alt no er 99-kullet i gang med å få inn pengar til russebussen sin. Sal av dorullar skal hjelpa dei å finansiera draumen.

- At det blei dorullar var litt tilfeldig, fortel Marius Tømmernes Klakegg og held fram:

- Eg fekk eit tilbod frå dugnadstorget om me ville selga dorullar. Om me sel alt, sitt me att med 60.000 kroner i forteneste. Det vil hjelpa oss på veg mot målet.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Dorullar er noko alle treng

Russebuss-medlemene er i all hovudsak frå Os.

- Dei fleste er frå Os gymnas og Os vidaregåande skule, men nokre av oss er frå Fusa og Bergen. Me er ein Os-buss, seier Tømmernes Klakegg.

Jobben som dorullseljarar går føre seg på Facebook, men planen er også at russen skal gå dør til dør for å kvitta seg med alle rullane.

- Dorullar er jo noko alle treng. Me satsar på at me blir kvitt alt om ikkje så altfor lenge, seier Tømmernes Klakegg.

Ikkje kresne på jobbar

Etter at dette prosjektet er avslutta, startar nok eit nytt eit. Det er førebels ikkje bestemt kva dei skal gjera, men Tømmernes Klakegg har følarar ute.

- Eg har vore i kontakt med Bergen Live om dugnadsarbeid. Fleire av oss er ute på jobbsøking for å skaffa ei inntektsskjelde med tanke på russetida, seier han.

Tømmernes Klakegg reknar med at dei må ut med mellom 200.000 - 400.000 kroner for ein russebuss. Det blir nok nokre timar med dugnad.

- Det er berre til å kontakta oss. Me tek nesten kva som helst av jobbar. Me er dedikerte, og jobbar hardt for å få ei flott avslutning.

Artikkelen held fram under annonsen.

Her er russebuss-medlemene:

Adam Aiyub, Andreas Hjelle, Daniel Pawa, Erik Faye Karla, Even Lepsøy, Fabian Reiertsen, Isak Skeie, Joakim Hjertholm, Jonas Berntsen, Kjetil Helgesen, Kuba Wiktrowicz, Lasse Styrvoll, Leander Gundersen Haugland, Marius Tømmernes Klakegg, Sander Hjelle Leikvoll, Sander Sletten, Sebastian Heggland, Sindre Stang, Snorre Sørstrønen, Torbjørn Hansen Sigurjonsson, Tord Skeie og Mats Fjelltveit.