Seks nye smitta i går
Seks personar i Bjørnafjorden kommune fekk påvist covid-19 i går, måndag 23. august.
Alle dei seks har kjend smitteveg. Det melder kommunen på si heimeside i dag.
Dei smitta er:
Artikkelen held fram under annonsen.
* Barn i barneskulealder. Barnet er smitta i husstanden og har ikkje vore på skulen.
* Tenåring. Tenåringen er smitta i husstanden, og har ikkje vore på skulen.
* Kvinne i 20-åra. Kvinna er smitta i husstanden.
* To menn i 30-åra. Begge er smitta i husstanden.
* Kvinne i 50-åra. Ho er smitta på arbeidsplassen.