Seier nei til privatskuleaktørar
Ifølgje rådmann Berit Fløisand sitt framlegg til vedtak får ikkje Strandvik Vekst AS og Hålandsdal Vekst SA lov til å leiga eller overta skulebygga i Strandvik og på Holdhus.
Det går fram av sakspapira til formannskapsmøtet førstkomande onsdag.
I oktober søkte Strandvik Vekst AS og Hålandsdal Vekst SA Fusa kommune om å få leiga, eventuelt overta skulebygga i dei to bygdene, dersom kommunestyret gjekk inn for å leggja ned den kommunale drifta av skulane. Bakgrunnen for søknaden var at Strandvik Vekst AS og Hålandsdal Vekst SA ønskte å bruka bygga til privatskuledrift.
Artikkelen held fram under annonsen.
I desember fekk skulane, som venta, kroken på døra, og i samband med handsaminga av budsjettet bad opposisjonspolitikarane om at dei to privatskuleaktørane fekk svar på førespurnaden sin med det same.
- Tidsperspektivet er viktig i denne saka. Korleis kan ein byrja å gjera investeringar i Fusa og i Eikelandsosen dersom ein ikkje veit om borna kjem, påpeika Aud-May Boge (H) i desembermøtet.
Men posisjonen stod på sitt. Søknadene skulle handsamast på ordinær måte. Nemleg som ei eiga sak i formannskapet og i kommunestyret.
- Færre ressursar til skuledrift
No er saka klar. Og i utgreiinga frå rådmannen går det fram endringane i skulestrukturen vert gjort hovudsakleg på grunn av kommunen sin økonomi.
- Vi har for mange skulebygg å drifta, og for lite ressursar til undervising, heiter det i sakspapira.
I tillegg peikar rådmannen på at rammestilskotet til kommunen vert redusert dersom fleire elevar vert privatskulelevar. Kommunen er dessutan, ifølgje opplæringslova, pliktig til å betala for spesialundervising i dei private skulane. Nasjonale tal for skuleåret 2014/2015 viser at 10,4 prosent av elevane i private grunnskular får spesialundervising, medan talet i den offentlege grunnskulen er 7,9, går det fram av sakspapira.
- Rådmannen kan difor ikkje tilrå at skulebygga vert leigde eller selde til verksemder som har til hensikt å starta skuledrift. Det vil føra til at kommunen sit att med færre ressursar til skuledrift, er konklusjonen frå Fløisand.
Unntaket, snarare enn regelen
I 1995 vart skulane på Bøgøy og Lygrepollen selde til bygdelaga i dei to bygdene for éi krone. Det same skjedde på Nordtveit året etter, og i 2005 fekk Vinnes friskule høve til å kjøpa skulebygget på Vinnes for same sum.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Berre éin gong tidlegare har ein nedlagt skule vorte overteken av ei verksemd som skal driva privatskule. Vinnes skule er unntaket, snarare enn regelen. Dei andre skulebygga er nytta til andre føremål enn skule, påpeikar rådmannen.
Vidare argumenterer rådmannen for at det er ei rekkje forhold ein må ta omsyn til når det gjeld bruken av kommunale bygg.
- Idrettsdelen av bygga det her er snakk om, har visse vilkår knytt til seg som gjer at ein ikkje utan vidare kan avhenda dei til private føremål, heiter det i sakspapira.
Rådmannen meiner dessutan at Fusa kommune må gjera grundige vurderingar før ein konkluderer med framtidig bruk og eigarskap av skulebygga i Strandvik og på Holdhus.
- Kommunestyret har bede rådmannen om å fremja ei sak om skulestruktur trinn II. Vidare har kommunestyret bede rådmannen utgreia organiseringa av barnehagane i Fusa. Først når kommunestyret har fatta endeleg vedtak i desse sakene i aprilmøtet, kan kommunen planleggja bruken av bygg som kan nyttast til andre føremål.