Seier ja - inntil vidare

Etter eit gruppemøte på godt og vel 40 minutt, gjekk kommunestyret i Fusa samrøystes inn for å gå vidare med arbeidet med kommunereforma.

Dermed vart innstillinga frå styringsgruppa lagt til sides.

Kommunestyret hadde rett nok nokre presiseringar i innstillinga si.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Intensjonsavtalen må tilpassast ettersom Tysnes har takka nei. Det skal utarbeidast ein balansert informasjonsfolder der nullalternativet også vert presentert, forhandlingsutvalet vert utvida med eitt medlem, Svein Lang (Sp), og saka skal realitetshandsamast seinast innan utgangen av juni månad, sa Mikal Leigland (Sp) då han las opp fellesframlegget til kommunestyret.

- Forhandlingsutvalet får også mandat til å vurdera samarbeid med andre kommunar, la Leigland til.

Framlegget vart samrøystes vedteke.