Søppel: Fem sekkar med søppel langs turstien.

– Sånn vil me ikkje ha det i Bjørnafjorden

– Eg kan vippsa dei 50 kroner så dei kan kasta det rett plass, tordnar Susan Lekven.

Søndag kveld gjekk ho på tur på sykkelstien frå Mobergslia til brua over Halhjemsvegen. Midtveges såg ho fem store, rosa posar med søppel.

– Her er det tydelegvis ein bilist som har rygga seg heilt inn på sykkelstien, gått ut av bilen og lempa alt frå seg. Det er heilt talentlaust, slår Lekven fast.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ho legg til at ho gjerne vippsar 50 kroner for at vedkomande kan køyra bosset på BIR i Kolskogen, men er klar på at ho ikkje tek jobben med å flytta det sjølv.

– Her må nokon med dårleg samvit melda seg, slår Lekven fast.