Beklagar: Oseana-direktøren beklagar til alle som har gledd seg.

Sankthans-arrangementet er avlyst

– Det er første gong me har måtte avlysa, seier Ole Tobias Lindeberg.

Oseana-direktøren beklagar til alle som har gledd seg, men er klar på det er lite vits å invitera til sankthans-feiring utan bål.

– Me har vore i kontakt med Bjørnafjorden brann og redning. Dei er klare på at forbodet mot båltenning i naturen vil stå seg til fredag - minst. Dermed fann me det naturleg å avlysa arrangementet i Mobergsvikja, seier Lindeberg.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Framleis forbod: — Anten veit dei ikkje, eller så gjev dei f...

Etter planen skulle Os durspelsamskipnad spela og det skulle vera aktivitetar for born.

– De vurderte aldri å arrangera samankomsten utan bål?

– Nei, bål og grilling er jo hovudingrediensane i ei sankthans-feiring, slår han fast.

– Har de måtta avlysa grunna brannfare tidlegare?

– Nei, ikkje det eg kan hugsa.