Caroline Lundgren er ein av konfirmantane som tysdag kveld samlar inn pengar til reint vatn.
Caroline Lundgren er ein av konfirmantane som tysdag kveld samlar inn pengar til reint vatn.

Samla inn over 130.000 kroner

Årets fasteaksjon i Os gav over 130.000 kroner til Kirkens Nødhjelp.

Både konfirmantar, mange foreldre og andre gode hjelparar gjennomførte "dør-til-dør"-aksjon med bøsser frå Kirkens nødhjelp tysdag ettermiddag.

Kyrkjeverje Gerhard Hansen opplyser at resultatet syner heile kr 130.224 til formålet. Dette til tross for at nokre roder/hus ikkje fekk besøk og mange rapporterte at mange ikkje var heime.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Takk til alle konfirmantar, foreldre og andre som var med på fasteaksjonen 2016. Dei innsamla pengane vil bety reint vatn til mange, kommenterer Hansen.