Samla inn 650.000 kroner
Os og Fusa samla inn meir enn 650.000 kroner til saman under tv-aksjonen søndag.
Over 240 bøsseberarar frå Os og Fusa gjekk frå hus til hus mellom på ettermiddagen søndag. I løpet av dei fire timane dei var ute, samla dei altså inn over 650.000 kroner.
Artikkelen held fram under annonsen.
Det norske folk gav i snitt 35,37 kroner til årets aksjon. Fusingane gav godt over snittet med sine 56,06 kroner. Osingane derimot hamna litt under snittet med sine 30,94 kroner.
Pengane frå årets TV-aksjon går til bevaring av regnskogen.
Vist du ikkje fekk sjansen til å gje pengar til aksjonen søndag, så er det ikkje for seint. Du kan framleis gje pengar til regnskogaksjonen ved å ringa til 820 44 110 (200,-) eller senda melding med kodeord TVA til 2133.