Politikarane, her representert ved SVs Tarjei Lyssand (t. v.), MDGs Gunnar Kvåle og KrFs Jakob Enerhaug, var samde om at ulikskapen mellom partia i forhold til eldrepolitikk, ikkje er så stor.
Politikarane, her representert ved SVs Tarjei Lyssand (t. v.), MDGs Gunnar Kvåle og KrFs Jakob Enerhaug, var samde om at ulikskapen mellom partia i forhold til eldrepolitikk, ikkje er så stor.

Samde om å vera samde

Eldrepolitikk er ikkje det området der politikarane i Os stridast mest. I debatten i eldresenteret torsdag var panelet på bølgjelengde i mangt og mykje, men ikkje i alt.

Representantane frå Ap, Frp, H, KrF, MDG, Sp, SV, TVS og V (i alfabetisk rekkjefølgje, slik dei var plasserte) kunne alle einast om at eldre er ein stor ressurs for samfunnet, at dei må få bu heime så lenge dei sjølv ønskjer, og så lenge det er forsvarleg, og at livskvaliteten må vera best mogleg, anten ein er frisk, rask og på jakt etter sosiale møtestader eller sjuk og treng hjelp.

- Det handlar om å skapa det gode liv for alle osingar, understreka ordførar Terje Søviknes (Frp).

Artikkelen held fram under annonsen.

- Alle er ulike, og har ulike behov, ønskjer og tanker om korleis alderdomen skal sjå ut, sa Harald Lekven (Sp) og slo eit slag for differensierte tenester.

For effektive?

Bjørn Sivertsen er skrivar i Os pensjonistforening og står på 8. plass på Os Høgre si liste. Han undra seg over at Os, ifølgje KOSTRA-tal, bruker 30 prosent mindre enn landssnittet på eldreomsorg.

- Er det statistikken det er noko i vegen med, eller er dei tilsette i Os så effektive? spurte Sivertsen panelet.

Bygg parkeringshus i nærleiken av Oseana, slik at dei eldre også kan koma seg på vift i kulturhuset.
Bygg parkeringshus i nærleiken av Oseana, slik at dei eldre også kan koma seg på vift i kulturhuset.
Arrangørane hadde håpa på endå fleire tilhøyrarar under debatten i Os eldresenter. - Med det vêret vi har hatt i dag, får det vera tilgitt, sa ordstyrar Øystein Nordvik før han gav ordet til politikarane.
Arrangørane hadde håpa på endå fleire tilhøyrarar under debatten i Os eldresenter. - Med det vêret vi har hatt i dag, får det vera tilgitt, sa ordstyrar Øystein Nordvik før han gav ordet til politikarane.

- Dei tilsette i Os kommune er grådig effektive. På grunn av dårleg økonomi har vi blitt ein av dei mest effektive kommunane i landet. Ei av årsakene til at vi kan vera så effektive innan eldreomsorgen, er at vi har sentralisert einingane. Kommunen har valt ein struktur som vi vinn på økonomisk, svara Høgres ordførarkandidat, Marie Lunde Bruarøy.

Aps ordførarkandidat, Helge Steinum, ville ikkje vera heilt med på det resonnementet. Han sa at han hadde vore på besøk på Lurantunet tidlegare i veka, og at dei tilsette fortalde om ein anstrengt situasjon.

- Det er flott å vera effektiv, men kanskje grensa er nådd, sa Steinum og fekk støtte frå MDGs Gunnar Kvåle:

- Dei tilsette strekkjer seg svært langt. Spørsmålet er kor lenge det held. Vi må ikkje knipa så mykje på den gode sørvisen at det går ut over kvaliteten, sa han og la til:

- Dersom ein ikkje kan halda fram med ein god og stødig eldreomsorg, bør ein kanskje revurdera strategien om å ikkje innføra eigedomsskatt.

Artikkelen held fram under annonsen.

- De snakkar som om det er ei alvorleg krise, men det er ikkje der vi er. Ja, Os kommune har ein stram økonomi, men det er ein sunn og kontrollert økonomi, påpeika Søviknes.

God mat?

Eit anna diskusjonstema var maten dei eldre får servert? Er han god nok?

MDGs representant meinte maten kunne vore langt betre, og snakka varmt om å bruka delar av summen som vert investert i utbygginga på Luranetunet på eit nytt kjøkken.

- Når ein er sjuk og mister matlysten, framstår kanskje ikkje maten som kjem to gonger i veka, innpakka i plast, så freistande, sa Kvåle.

Bruarøy på si side, meinte mykje kunne gjerast med enkle grep.

- Maten smakar endå betre om ein danderer han fint på tallerkenen, eller legg på ei agurkskive eller to. Dette veit eg at dei tilsette er flinke til, sa ho.

- Det viktigaste må vera at maten er ernæringsmessig god, påpeika Jon Sivert Rykkel (V).

Etter litt diskusjonar fram og tilbake, fekk Marianne Hjelle ordet. Hjelle er kommunestyrerepresentant for Frp, og fekk med seg debatten frå tilskodarplass.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det forundrar meg at de snakkar om maten på Luranetunet. Eg har ikkje møtt eitt einaste menneske som har vore misfornøgd med maten der oppe, sa Hjelle.

- Eg har ei heilt anna oppfatning av situasjonen enn deg, repliserte TVSs Terje Sperrevik.

Heldigvis slepp ein bruka korkje representantar frå Frp eller TVS som sanningsvitne i forhold til korleis stoda verkeleg er. Os kommune gjennomfører brukarundersøkingar i pleie- og omsorgseininga anna kvart år.

- Maten skårar høgt, likevel er det folk som snakkar fælt om det gode, gamle kjøkenet, fortalde Søviknes.

Høg lånegjeld

Bruk av ny teknologi i eldreomsorgen, privatisering av kommunale tenester, høg lånegjeld og Fjellheim var diskusjonstema i den vidare debattten.

- Os kommune har 1,3 milliarder i gjeld. I tillegg kjem utbygginga av Luranetunet og reinseanlegget OHARA på til saman 550 millionar. Korleis vil de handtera desse låna med ei renteoppgang på 3 prosent, spurte Mons Christian Hauge.

Sperrevik trur kommunen vert nøydd til å innføra eigedomsskatt på sikt, Rykkel meiner ein bør arbeida for å skaffa fleire arbeidsplassar til bygda, medan Steinum manar til moderasjon i tida som kjem.

- Det er riktig at gjelda er høg, men all gjeld belastar ikkje kommunekassa direkte. Vass- og avlaupstenestene er til dømes sjølvfinansierande, påpeika Søviknes.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ordføraren understreka dessutan at det statlege tilskotet til utbygginga på Luranetunet er på heile 50 prosent. Tek ein med momsrefusjonen også, sit kommunen berre att med ei rekning på i overkant av 66 millionar.

- Det er eit utruleg gunstig tidspunkt å byggja ut på. Det som vert utfordrande i tida som kjem, er å fasa drifta inn i kommunekassa. Kvar brukar har ein kostnad på om lag 1 million kroner i året, sa Søviknes.

SV, Sp, KrF, MDG og Ap argumenterte alle mot privatisering av offentlege tenester.

- Kommunane må ta arbeidsgjevaransvar for dei som skal utføra oppgåvene, understreka Tarjei Lyssand (SV).

- KrF ønskjer å betra rammene for drifta innan pleie og omsorg. Vi vil ha meir tid og meir kvalitet per brukar, sa Jakob Enerhaug.

Til sist kom Venstres ordførarkandidat med ei oppmoding: Først til politikarane i kommunen, dernest til seniorane.

- Hugs at dei eldre ikkje er ei sams gruppe. Dei har ulike behov og ønskjer, akkurat som dei unge. Og til seniorane: Ta kontakt, utfordra oss, og still oss til ansvar dersom vi gjer noko dumt.