Bjørn Drange Svarthumle og John Kenneth Nilsen er rimeleg bra nøgd med dei som styrar i Os i dag.
Bjørn Drange Svarthumle og John Kenneth Nilsen er rimeleg bra nøgd med dei som styrar i Os i dag.

Samde ambulansearbeidarar

Ambulansearbeidarane Bjørn Drange Svarthumle og John Kenneth Nilsen følgjer godt med i valkampen, og er einig i mykje.

Kenneth Svenningsen

kenneth.svenningsen@osogfusa.no

Artikkelen held fram under annonsen.

Frå og med i dag og dei neste tre laurdagane vil «Os og Fusaposten» bringa lesarane våre ein fersk lunsjprat frå ein arbeidsplass i Os. Temaet er sjølvsagt kommunevalet 2015.

Lunsj på altanen

I vår første lunsjprat tok me turen til ambulansetenesten til Helse Bergen i Kolskogen. Her møtte me Bjørn Drange Svarthumle og John Kenneth Nilsen. Begge vart servert solskinsbolle, sjokolademelk og seks spørsmål. Her er kva dei svara:

1: Pratar de om lokalpolitikk her på jobben?

- Nei, ikkje så ofte. Det vert meir nasjonal politikk, seier Bjørn.

- Me er 11 tilsette her, men me er ikkje så mange osingar. I så måte pratar me kanskje meir om politikk på generel basis. Politikk som angår oss som yrkesgruppe, legg John Kenneth til.

2: Kva saker saknar de fokus på i årets valkamp?

- Me som er småbornsforeldre er opptekne av skule, helse og omsorg. Dette føler eg det er bra fokus på. Elles kunne eg kanskje tenkt meg meir fokus på vegarbeid og vedlikehald. Me som køyrer mykje rundt, ser at det trengst opprusting overalt. Dessutan håpar me det vert orden på snømåkinga til vinteren. I vinteren som var, var det for dårleg, seier John Kenneth.

- Eg liker at det er fokus på ting som vert gjort. I så måte er eg imponert over ordføraren vår og resten av dei som styrer i kommunen. Eg trur knapt det finst andre kommunar i Noreg der ord så fort blir til handling. Kort og godt liker eg at det er fokus på gjennomslagskraft. For det har Søviknes & Co, seier Bjørn.

Artikkelen held fram under annonsen.

Betent spørsmål

3. Bør Os kommune ta imot fleire flyktningar?

- Det er jo eit betent spørsmål, men, ja, eg synest det. Dersom me har økonomi til det, og eit apparat som kan ta imot dei og hjelpa dei inn i samfunnet, så bør me kunna gjera det, seier Jon Kenneth.

- Eg er samd, men då må det som John Kenneth seier vera tilrettelagt for ein god integreringspolitikk. I Noreg generelt sett er den for dårleg. Alt for mange invandrarar sit åleine på eit motak, meiner Bjørn.

4. Er det saker som dykkar yrkesgruppe er spesielt opptekne av i desse dagar?

- Ja, me er sjølvsagt opptekne av nye E39. Når den kjem, vert det ein heilt ny kvardag for oss. Den gamle Osvegen er tungt trafikkert, smal og svingete og slett ikkje så kjekk å køyra på når ein skal raskt til og frå Bergen, seier Bjørn.

- Minuset er at den nye E39 også kan få mindre kjekke konsekvensar. Til dømes kan det føra til at avdelinga vår her i Os vert lagt ned. Om det skjer veit me ikkje, men det er klart, det er jo ting me funderer på, seier Jon Kenneth.

5. Har de bestemt dykk for kva de skal stemma?

- Ja, seier Bjørn, utan tenkjetid.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Tja, nei, ikkje heilt. Eg er samd med Bjørn i mykje, men eg veit ikkje nett kva eg stemmer. Som regel bruker eg å stemma ulikt i kommuneval og stortingsval, seier Jon Kenneth.

6. Men er de nøgde med dei som styrer i Os i dag.

- Ja.

- Ja.