Sambuarpar satsar med nytt konsept: — Gler oss stort til å opna
Bjarte Andersen og sambuaren Mai-Brit Grimen ser fram til å opna Best Corner under Catten Nightclub.
Dei siste åra har Orion, Os Steakhouse og Milads alle prøvd seg i lokalet under nattklubben, med ulike eller liknande konsept. No har lokalet stått tomt ei stund, og vindauga er dekt til. Eigar av Catten fortel at det er han som no skal drifta eit nytt konsept — som vil hengja saman med nattklubben.
— Huseigar Anders Fagerthun “følgde rangen på huset”. Før han tok kontakt med andre som hadde meld interesse, spurde han om eg var interessert. Det er jo sjølvsagt ein sjanse å ta i desse svært usikre restaurant-tider, men med Catten, kjennskapen til osingane og den flotte kundeporteføljen, er vi villige til å satsa, seier Andersen og legg til:
Artikkelen held fram under annonsen.
— Vi er komne langt i prosessen og har eit gjennomtenkt konsept. No gler vi oss til å opna, seier han.
Andersen legg til at støtte frå fjern og nær, frå det offentlege og gode leverandørar — har vore viktig.
Namnet dei har landa på, er Best Corner. Det har med plasseringa å gjera.
— Det beste hjørnet på Os, seier Andersen og smiler, før han legg til at det også handlar om ein plass i Bergen som i si tid var svært populært.
— Det namnet har eg alltid likt.
Eigaren er entusiastisk når han viser fram kroken — hjørnet inne i lokalet — der dei skal innreia med sitjeplassar, og laga ein “god-krok”. Han snakkar også om ombygging av eit kjøken som i dag er for stort. Kundetoalettet skal få litt kjærleik, nytt golv skal leggjast og diverse andre grep skal gjerast for å etterleva Best Corner.
— Namnet passar her, som nemnd med plasseringa, men så er det også slik med namn at ein treng noko som er “catchy” og moderne, og dette namnet forstår ein på alle språk. Lat oss dra på Catten, men vi går innom Best Corner for ein matbit. Er du med, ler Andersen.
Det er tydeleg at dei gler seg. Dei håpar å opna dørene for publikum i mars/april.
Artikkelen held fram under annonsen.
— De fortel om eit nytt konsept. Korleis blir det?
— Restauranten skal leva sitt eige liv som utgangspunkt. Vi ser føre oss 30 sitjeplassar og servering av god pubmat. Kundane på Catten i andre etasje skal få etterlengta matmeny. Gjestane skal kunna sitja ved borda der og bestilla mat nedanfrå som blir levert opp. Den same menyen blir sjølvsagt tilgjengeleg for dei som et i restauranten òg, fortel Grimen.
— Vi ønskjer på sikt også å tilby nattmat, men først skal vi køyra inn restauranten, menyen og kjøkenet, seier Andersen og legg til:
— Dette er ei kjempemoglegheit for oss. Mat har vore etterspurt heilt sidan starten av Catten, og vi vil på mange måtar får eit bein til å stå på.
Alle detaljar, og menyen både i restauranten og opp mot Catten, er ikkje heilt spikra per no. Andersen fortel at dei får spanande, nye idear kvar veke som kan gjera det vesle ekstra.
— Det kjem til å bli lange dagar når vi opnar for servering i to høgder, men vi har mange medarbeidarar som gjerne vil koma seg på jobb igjen. Vi gler oss aller mest til å møta alle våre trufaste gjester.
Andersen fortel også at han ikkje lenger er delaktig i Baronessen.
— Baronessen/Elvehuset er i dei beste hender med Jostein Eck og Irene Strønen. Eg er i desse dagar formelt ute av det, og vil konsentrera meg om Catten og Best Corner.