- Samarbeid er nøkkelen
Arbeidsgruppa som har jobba fram driftsforma for Os idrettspark, og nye tilskotsordningar for idrettslaga i kommunen, reagerer på eit lesarbrev om det ferske vedtaket frå formannskapet.
Tom Leonsen, Espen Aspenes og Jon Sivert Rykkel stelte i ettermiddag i stand eit lite informasjonsmøte om driftsforma til Os Idrettspark. Dei ønskte å koma med eit svar til eit lesarbrev som Os og Fusaposten hadde på trykk i laurdagsavisa. Leiar i Os Fotball, Knut Haddal, spør blant anna om ikkjeOs kommune gjer det dyrare å driva idrettsaktivitetar.
- Me har hatt ein open prosess heile vegen, og alle klubbane har vore positive til løysinga me har kome fram til. Det er i alle fall ikkje kjent for meg at nokon har vore negative, seier Aspenes.
Artikkelen held fram under annonsen.
Opererer med ulike tal
Det var sist veke at formannskapet vedtok driftsforma for Os Idrettspark og hovudpina knytt til dei ulike særavtalane ulike idrettslag i Os har hatt med kommunen. Framlegget frå arbeidsgruppa kan du sjå lengre nede i saka.
Arbeidsgruppa reagerer på at Haddal i sitt lesarbrev opererer med heilt andre tal knytt til vedlikehald enn dagleg leiar i Os Turn.
- Tala som dagleg leiar i Os Turn låg fram, er om lag halvparten av det Haddal viser til i sitt lesarbrev, seier Aspenes.
- Det kan henda at Haddal har rekna på eit anna vis enn dagleg leiar, og at han kanskje har teke med absolutt alt av vedlikehaldsutgifter. Me har hatt ein dialog med mange idrettslag for å finna ut kor mykje det går med til vedlikehald av kunstgrasbanar. Det er slik me har komne fram til storleiken på tilskota.
Forsvarar driftstilskotet
Haddal reagerer på at "kommunens anlegg vil skina, medan naboanlegget vil bli dårlegare og dårlegare på grunn av etterslep i vedlikehald". Driftstilskotet på 600.000 til anlegget, forsvarar arbeidsgruppa med at dette er større og meir omfattande enn kunstgrasbanane. Det er dessutan større kostnadar knytt til nye anlegg enn gamle, Os Idrettspark er enno ikkje heilt ferdig.
- Kostnader med blant anna stolper og nett for å skila fotball- og friidrettsbanen, er det forventa at driftstilskotet skal dekkja, seier Leonsen og legg til:
- Anlegget er ikkje ferdigstilt. Det er tenkt at driftstilskotet skal brukast til dette, seier Leonsen.
- Alt ligg til rette
Alle dei ulike avtalane som var laga mellom dei ulike klubbane og kommunen er no borte. Alle klubbane får like mykje i tilskot til sine respektive 11-er og 7-er baner.
Artikkelen held fram under annonsen.
- No får alle dei ulike idrettslaga dei same rammene å forholda seg til. Kostnadane med å trena på Nore Neset og i Oshallen er også utjamna, slik at det ikkje skal vera noko forskjell der heller, seier Rykkel, som legg til at han trur idretten i Os vil oppleva eit stort løft som følgje av det nye anlegget og vedtaket som no er gjort.
- Alt ligg til rette for utvikling. Kommunen bidreg også meir enn før. Med det nye vedtaket aukar kommunens tilskot til klubbane med 40 prosent. Dei aller fleste klubbane vil oppleva ei auke i tilskotet, seier Rykkel.
Erfaring- og kompetanseutveksling
Arbeidsgruppa ser også mange fordelar med at Osbadet står for drifta av anlegget.
- Osbadet har lang opningstid, som om det skulle vera noko er det berre til å stikka innom, så skal ein få hjelp der, seier Aspenes.
- Eg ser også høve til å byggja eit fagmiljø som klubbane kan dra nytte av. Dagleg leiar i Osbadet er ein person som sit på mykje kunnskap, seier Rykkel.
God dialog mellom klubbane, erfaring- og kompetanseutveksling er også stikkord for å lukkast vidare.
- Kommunen vil også sjå på høve til å laga til seminar der ein blant anna kan auka kompetansen når det kjem til vedlikehald av kunstgras, seier Leonsen.
Avtalen går ut i 2017
Arbeidsgruppa la til at driftinga av Os Idrettspark ville bli ført som ei eiga post i rekneskapen.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Det vil bli ført som ein prosjekt rekneskap. Då blir det lettare å sjå konkret kva midlar som har gått med til kva, seier Aspenes.
Samstundes med at driftsavtalen med Osbadet går ut i 2017, skal ordninga evaluerast. At driftinga blir ført som prosjekt rekneskap er hensiktsmessig og oversiktleg om nokon andre skal ta over drifta.
- Kan ikkje sitja på kvar vår tue
Leonsen fortalte også at representantar frå kulturdepartementet vitja Os idrettspark for om lag ein månad sidan. Dei blei imponerte.
- Dei sa at det er veldig få plassar i Noreg kor det er så store flatar med ulike aktivitetar samla på eit så lite område. Alt ligg til rette for eit høgt aktivitetsnivå på Kuventræ, seier Leonsen.
- No må me berre ta godt vare på anlegget. Samarbeid er nøkkelen. Det nyttar ikkje å sitja på kvar vår tue, smiler Aspenes.
Her er vedtaket frå formannskapet tidlegare i desember:
1. Det vert inngått avtale med Osbadet om å drifta kommunalt anlegg ved Os idrettspark- Kuventræ. Osbadet får tilført kr. 600 000. Avtalen gjeld i første omgang ut 2017. Det vert lagt opp til evaluering av driftsmodellen hausten 2017.
2. Det vert gitt årleg tilskot på kr. 50.000 til 11'ar-banar i Os kommune, og tilskot på kr 30.000 til 7'ar-banar. Tilskotet skal gå til drift og vedlikehald av banen (inkl. lys). Tilskotet kan trekkjast tilbake eller bli avkorta dersom idrettslaget ikkje følgjer avtalen som vert inngått med kvart idrettslag. Auka kostnadar til utbetaling av tilskot vert dekka av midlar i kultureininga sitt budsjett.
Artikkelen held fram under annonsen.
3. Det vert gitt eit tilskot på inntil kr. 195.000 til Nore Neset Aktivitetshus som skal sikra lik leigepris for lag som nyttar Oshallen og Nore Neset Aktivitetshus. Leigepris for laga vert kr. 105 pr time i Oshallen og i Nore Neset Aktivitetshus. Nore Neset Aktivitetshus skal følgja avgiftsbudsjettet med same priser som i Oshallen når dei set timepris for leige av heil hall (mån-fre. 15-22). Auka kostnadar til utbetaling av tilskot vert dekka av midlar i kultureininga sitt budsjett.
Deretter vart vedtaket banka, med ei endring: Den eksakte leigeprisen på kr 105 per time vart fjerna. Kommunalsjef Line Rye forklarte at det var å ha lik pris som var det viktige, og at sjølve timesatsen kan bli justert.