Samanstøyt mellom buss og personbil: 43 passasjerar om bord
Ingen skal vera skadde.
Klokka 14.39 fekk politiet melding om eit samanstøyt mellom ein buss og ein personbil på Fusavegen mellom Eikelandsosen og Venjaneset.
Politiet har opplyst at det var 43 personar om bord i bussen. Det er snakk om cruiseturistar på ein chartra tur.
Artikkelen held fram under annonsen.
I personbilen var det to personar.
Bussen skal ha sklidd inn i sida på personbilen på ei smal strekning. Det er store skader på bilen, som ikkje er i køyrbar stand. Også bussen skal ha ein del skader.
Alle naudetatane vart kalla ut til staden. Ingen personar skal ha blitt skadde i uhellet, opplyser operasjonsleiar Helge Blindheim.
Det er mogleg å passera, men det føregår manuell dirigering på staden, opplyste politiet før kl 16 måndag.
Bussen stod då parkert på eit busstopp i nærleiken av ulukkesstaden.